Katturiltu

Alle elskar kattar, og difor inviterer Falturiltu til bok- og kattefest, i Stord kulturhus, tysdag 8. november, kl 17.

Kle deg ut som ein katt og møt Kattejenta, ei sjarmerande historie skriven av debutanten Veronika Erstad og illustrert av Bo Gaustad. Ei nydeleg og høgtlesingsbok om vener, katter og det å ville bestemme sjølv. Elevar frå Stord kulturskule spelar kattemusikk og til slutt blir det stilig rockeshow basert på historiene om Heavykatten, framført av forfattaren Roald Kaldestad (gitar), Roy Ole Førland (bass) , Stig Lundblad-Sandbakk (gitar, song) og kanskje til og med ein knalltøff heavytrommis?

Kattekake og saft blir det også!

Billett får du her.