Festivalforfattar i 2017 – Per Olav Kaldestad!

image

Per Olav Kaldestad blir festivalforfattar under verdas einaste nynorske barnebokfestival – Falturiltu på Stord – i 2017. Tema blir Svev og stev,  inspirert av kjærleiken hans til fuglar og dikt. 

Sonettar, frie vers eller gjendikting, skjønnlitteratur, essays eller barnebøker – Per Olav Kaldestad har meistra det meste i sitt forfattarvirke. Han debuterte med diktsamlinga Kikkert i 1973, og har sidan den gong utmerka seg som ei særs mangfaldig, produktiv og dyktig stemme innenfor samtidslitteraturen. Dei mange barnebøkene hans har vorte særs populære, og spesielt dikta for born i Sola klappar meg (1990) og Når morgonfrosken syng (2003) og biletbøkene Med kråkenebb og kråkeføter (2010) og Dronninga kallar (2016) som begge er laga saman med illustratøren Hilde Kramer. Mange av tekstane hans er også tonesett, av artistar som Vamp, Aftenlandet, Kenneth Sivertsen, Atle Hansen og Annlaug Børsheim.

Ein kan få ein forsmak på festivalforfattaren allereie 8. april under Vossa Jazz. Bandet Morgonfrosken, med tekstar av Kaldestad, og oppkalt etter diktboka hans Når morgonfrosken syng, spelar også opp.