Parr og Fiske til Falturiltu 2017

Det er ei stor ære å melda  at Maria Parr og Anna Fiske er stadfesta til årets nynorske barnebokfest på Stord.

Maria Parr har lenge vore ein av dei mest populære barnebokforfattarane i landet. Dei to bøkene ho har gjeve ut tidlegare er omsette til ei rekke språk, og har motteke litteraturprisar i inn- og utland. No er ho rykande aktuell med Keeperen og havet,  oppfølgjaren til debutboka Vaffelhjarte. Den nye boka har allereie fått strålande meldingar, Maria Parr er fremdeles god som gull, skriv NRK Bok, VG trillar femmar på terningen og  Aftenposten sin meldar konkluderer med at: «Parr er tilbake og overgår seg selv». Maria Parr vil blant anna delta under Stord kulturskule sin store konsert i kulturhuset, torsdag 9. november. Sikra deg billett her!

Anna Fiske har gjennom ei årrekke bidrege med sin særeigne strek, både i teikneseriar, som illustratør og som forfattar av eigne bøker. Hennar leikne, kreative nyskaping innan barnebokfeltet har gjort ho svært populær, og gjeve henne fleire høgthengande priser. Ho har blant anna vunne Bokkunstprisen, og har stått på pallen i Årets vakreste bøker fleire gonger. Hallo-bøkene hennar er kanskje spesielt  populære, og Fiske er vinnar av Skolebibliotekarenes litteraturpris 2016. Under Falturiltu blir ho blant anna å treffa under Stallturiltu, bok- og  hestefest i Stord Hestesportsenter på Tyse, søndag 5. november. Billett finn du her!

Falturiltu 2017 går av stabelen 4. – 10. november. Festivalforfattar i år er Per Olav Kaldestad, og me får elles møta Stein Torleif Bjella og mange mange fleire. Sjå opp for snarlege oppdateringar!