Sunnhordlandslåten 2017

1024px-Øyvind_Staveland_2009Er du den nye Stein Torleif Bjella eller Odd Nordstoga? Uansett om du er åtti eller åtte år – og uansett sjanger:  vise, rock, reggae, country. Berre teksten er på nynorsk –  Spel inn låten din,  send den til oss og ver med i konkurransen om Sunnhordlandslåten 2017.

Vinnaren vil få framføra låten på Falturiltu sin festkonsert i Stord kulturhus, søndag 5. november. Her vil ein også få oppleva bandet Morgonfrosken i samarbeid med Aspane, barnekoret Levande Lys og dansarar frå Stord kulturskule.

I juryen finn ein Øyvind Staveland frå Vamp, musikar og låtskrivar Annlaug Børsheim, festivalforfattar Per Olav Kaldestad og Anita Haugland frå Mediehuset Sunnhordland.

Send ditt bidrag til: falturiltu@gmail.com.

Frist for innsending onsdag 11. oktober!