Programmet for 2017 er klart!

Per Olav Kaldestad er festivalforfattar under verdas einaste nynorske barnebokfestival – Falturiltu på Stord – i 2017. Tema blir Svev og stev, inspirert av kjærleiken hans til fuglar og dikt, og dikt for barn blir eit hovudfokus under denne ellevte festivalen.

Kaldestad treff ein gjennom heile veka, først på den store Falturiltufesten i Stord kulturhus, søndag 5. november. Her får han med seg bandet Morgonfrosken, barnekoret Levande Lys, Aspane og dansarar frå Stord kulturskule. Morgonfrosken kjem til å turnera Sveio, Bømlo og Kvinnherad i samarbeid med Den kulturelle skulesekken og Falturiltu. Per Olav Kaldestad vil besøke skular på Stord saman med forfattar Ruth Lillegraven som ein del av ein lesekampanje for 3. trinn i samarbeid med Stord folkebibliotek. Kaldestad si bok Når morgonfrosken syng, er inspirasjon for opplevingsløypa Syng morgonfrosken?, laga av studentar ved HVL og framført i Aulaen på høgskulen. Kaldestad vil også snakka om eigen forfattarskap under det faglege seminaret på HVL, torsdag 9. november.

Stallturiltu blir arrangert for andre gong, i Stord hestesportsenter på Tyse, søndag 5. november. Her blir det lesestund med forfattar og illustratør Anna Fiske, kafe, barneridning og andre aktivitetar. Anna Fiske blir også å treffa på Bok og bolle i Stord folkebibliotek.

Maria Parr blir gjest på Stord kulturskule sin store konsert i kulturhuset, torsdag 9. november, og ho vil også bli bokbada på Stord vidaregåande skule tidlegare same dag. Falturiltu samarbeider også med musikklina ved Stord VGS om ein haustkonsert med tekstar av nynorskforfattarar, onsdag 8. november. Dette er første gong Stord vidaregåande skule er med som samarbeidspartnar, og Falturiltu set stor pris på dette samarbeidet!

Dei vaksne må også få sitt, og i år er me stolte over å kunne presentera Stein Torleif Bjella med sitt fantastiske band, på Arena, 4. november. Linda Eide stiller med språkmoro i same lokale, fredag 10. november, og her har ho med seg Sjur Hjeltnes og mor og dotter Kari og Selma Lønning Aarø. Dette arrangementet er allereie utseld. Bokbåten Epos besøker Falturiltu, og her vil Ragnar Hovland lese for vaksne.  Hovland vil ein også møte på arrangementet Franske favorittar, der han og Tove Bakke vil framføra tekstar dei har omsett frå fransk. Her vil det og bli servering av franske ostar med høvande drikke til.

I Stord kyrkje blir det konsert med dei to lokale banda Askeladden og Nils Horn, som begge syng på dialekt. Dette er eit samarbeid med Stord sokneråd.

Det blir utstillingar av Hilde Kramer og Rolf Monsen i Galleri Giga, og av Inger Lise Belsvik i Kunsthallen, der det også blir ein eigen nynorsk bokhandel, som i fjor. I foajeen i kulturhuset blir det utstilling ved elevar på design og handverk ved Fitjar vidaregåande skule.

Torsdag 9. november er det duka for Falturiltuseminaret ved Høgskulen på Vestlandet. Årets seminar er eit samarbeid mellom HVL, Framtida.no, Nynorsksenteret, Barnebokkritikk, Foreningen !Les og Haugesenteret. Her blir det fagleg fordjuping i barnelyrikk og barnebokkritikk, bokbad og panelsamtale. Gjestene her er forfattarane Ruth Lillegraven, Aina Basso, Hans Sande, kritikar Eivind Myklebust og festivalforfattaren sjølv. Opninga vil vera ved Høgskulen sin organisasjonsdirektør Tage Båtsvik og musikkelevar som har tolka lyriske verk. Fagseminaret om barnebøker er ope for alle interesserte, men rettar seg særleg mot bibliotekarar, lærarar, studentar og andre formidlarar. I år stiller Høgskulen på Vestlandet med gratis buss for studentar i Bergensområdet som ønskjer å ta turen til Stord.

Det høyrer sjølvsagt med ulike forfattarbesøk på skulane under Falturiltu, der mellom anna Aina Basso, Øystein Runde og Lars Mæhle stiller opp på alle ungdomskulane på Stord under arrangementet Tre forfattarar og eitt band. I tilegg vil det bli forfattarmøter på Stord, Fitjar og Tysvær med blant anna Atle Hansen, Hilde Myklebust, Kristi Furubotn, Vegard Markhus, Hans Sande, Arnt Birkedal og Anne Karin Fonneland.

Dei eldre får besøk av Atle Hansen og  Arnt Birkedal, med støtte frå med Den kulturelle spaserstokken i Stord kommune.