Falturiltuprogrammet 2018 er klart!

Kari-Stai3kutt

Kari Stai er blant landets aller mest folkekjære og prisvinnande forfattarar og illustratørar, spesielt på grunn av sine fem bøker om Jakob og Neikob, og det er ei stor ære å ha henne som festivalforfattar og heidersgjest i heile veke 45. Tema i år er bildebøker, og det kjem til å prega heile programmet. I tillegg til Stai får ein treffa eit A-lag av norske illustratørar: Øystein Runde, Ida Neverdahl, Jens K. Styve, Gry Moursund, Vegard Markhus og Sissel Horndal.

Stai blir sjølv å treffa på skular og bibliotek i alle Sunnhordlandskommunane, og figurane hennar møter me allereie på opningsdagen, laurdag 3. november, då det blir dramatisering av Mopp og Mikko på Spinae. Dagen etter møter me  Jakob og Neikob under Falturiltufest i Stord kulturhus. Her stiller også bandet Building Instrument i eit eineståande samspel med animasjonskunstnar Simone Hooymans og kor frå kulturskulen og musikklina.  Blodrik møter me i ei turnerande framsyning laga av studentar på musikk og kunst og handverk ved HVL, som for første gong tek Falturiltu ut til kommunane Haugesund og Os. Eit nytt festivalsamarbeid med Øyobiblioteket gjer at det og blir presentert ein nynorsk debutant i Haugesund: Sumaya Jirde Ali er med boka Ikkje ver redd for sånne som meg blitt ei viktig ung røyst i den norske samfunnsdebatten.

Samlaget fyller 150 år i år og blir feira med kakefest og lesestund med Stai i Kunsthallen, tysdag 6. november.

Av nyskapingar i år får ein blant anna arrangementet Klassikartimen, der me denne første gongen set fokus på bildeboka Farvel, Rune. Kari Stai møter forfattar Marit Kaldhol og illustratør Wenche Øyen til samtale.

Me får besøk av to dokkeframsyningar, Himmelspringaren, basert på Sissel Horndal si bok, og debutant Irene Ahnéll med Pling Vaken.

Bokbåten EPOS ligg ved Leirvik kai, onsdag 7. november, og her blir det to arrangement ombord. Gudespor, forteljarkunst, undring og filosofi, og teiknebattle med Øystein Runde og  Ida Neverdahl.

Sunnhordland Museum og Venelaget for Gruo er medarrangørar for arrangemenet GRUVEGRØSS, der skuleelevar får omvising i gruvene på Litlabø og skummel lesestund med Linn T. Sunne.

Frode Grytten blir bokbada av elevar ved Stord VGS, og på ungdomsskulane blir det bokbad med Alf Kjetil Walgermo, Jens K. Styve og Arnfinn Kolerud.

Det blir to utstillingar i Stord kulturhus, ein ved Fitjar VGS i foajeen og ein ved Gry Moursund i Kunsthallen.

Dei hesteglade får sitt under Stallturiltu, der det blir presentasjon av hestebøker, riding og andre hesteaktivitetar i Stord Hestesportsenter på Tyse.

Dei vaksne får sjølvsagt sitt også under Falturiltu 2018. Blant anna blir det to fagseminar om formidling, for lærarar, bibliotekarar og andre litteraturformidlarar. Forfattar og journalist Alf Kjetil Walgermo møter bandet Himmelhamn i Stord kyrkje, onsdag 7. november, og jazzbandet Come Shine kjem til Stord kulturhus med dei legendariske poetane Jan Erik Vold og Einar Økland, fredag 9. november. Stord mållag arrangerer vaksenbokkveld med Marit Eikemo og Ruth Lillegraven, medan Stord og Bømlo bibliotek arrangerer bokbad på Stord med forfattar Solfrid Sivertsen som nyleg kom ut med novellesamlinga Ho sykla bort og andre noveller. Microbandet avsluttar festivalveka på ARENA, med både lett underhaldning og samtale mellom fagbokdebutant Brit Aksnes og ordførar Gaute Straume Epland. I tillegg blir det bokbar kvar kveld på Sykkel & Kaffi.