Kaldhol blir festivalforfattar i 2019!

Marit-Kaldhol Foto Øyvind EideMarit O. Kaldhol blir festivalforfattar under Falturiltu 2019. Festivalforfattaren er mest  kjent for sine poetiske og sterke forteljingar for barn og unge, både bildebøker, diktbøker og romanar. I tillegg har ho gjeve ut lyrikk, forteljingar og romanar for vaksne.  

Kaldhol debuterte i 1983, med diktsamlinga lattermilde laken. Seinare har barneboka Farvel, Rune gjort stor suksess, med sal til tolv land og tildeling av ei rekke internasjonale prisar, bl.a Premio Europeo Pier Paolo Vergerio og Deutsche Jugendliteraturpreis.

Bøkene hennar har vorte lansert i minst 15 land, og ho har mottatt Kulturdepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for bøkene kino og søkeord: ayotzintli og Nynorsk barnelitteraturpris for ungdomsromanen zweet.

Marit O. Kaldhol blir å treffa under årets Vossa Jazz, i samarbeid med Falturiltu: https://vossajazz.no/arrangement/badnajazz-marit-o-kaldhol/