Anna Fiske

Anna Fiske har gjennom ei årrekke bidrege med sin særeigne strek, både i teikneseriar, som illustratør, og som forfattar av eigne bøker. Hennar leikne, kreative nyskaping innan barnebokfeltet har gjort henne svært populær, og gjeve henne fleire høgthengande priser. Ho har blant anna vunne Bokkunstprisen, og har stått på pallen i Årets vakreste bøker fleire gonger. Hallo-bøkene hennar er kanskje spesielt  populære, og Fiske er vinnar av Skolebibliotekarenes litteraturpris 2016. Under Falturiltu blir ho blant anna å treffa under Stallturiltu, bok- og  hestefest i Stord Hestesportsenter på Tyse, søndag 5. november.