Deltakarar 2013

Sunniva Relling Berg (f. 1988) kjem frå Ålesund og bur i Bergen. Ho debuterte i 2011 med den kritikarroste ungdomsromanen Utfor, som vart nominert til Brageprisen. Beina i gitaren (2013) har også fått strålande kritikkar.

Atle Berge kjem frå Hjelmtveit i Nordhordland, men bur for tida på Stord. Han har skrive romanane Muntergang (2010) og Stockholmsyndromet (2012), og tre bøker om fotballaget Barcelona-gjengen: Birk og Barcelona-gjengen (2011), Alle mann i forsvar! (2011) og Keeperkongen (2012). Barcelona-gjengen si nettside: straffespark.no

Hanne Bramness er født i 1959 i Oslo og debuterte i 1983 med samlingen Korrespondanse. Ho er ein høgt respektert prisbelønna lyrikar og for tida busett på Sunde i Kvinnherad. Ved sida av dikt for vaksne, har ho også skrive ei rekke bøker for barn og unge. Dei to siste er diktbøkene Solfinger (2012) og Skogen i hjartet (2013), begge utgjevne på Nordsjøforlaget.

Kari Bøge blei fødd i 1950. Ho har gitt ut fleire romanar, diktsamlingar, ungdomsbøker og ein serie av illustrasjonar. Ho vart medlem av Unge Kunstneres Samfund i 1968, fekk gitt ut sin første roman, «Asmorelda» i 1971. Ho har og har illustrert barnebøker og leseverk, hatt teikningar i aviser, samt illustrert for barne-TV og i litteraturtidsskriftet «Basar», der hun var med i storredaksjonen.

Magdalena From Delis er ein svensk dansar busett på Stord. Ho er utdanna frå den svenske Balletakademien m.a. og har etter ho flytta til Stord både undervist i dans og vore ein aktiv utøvar. Ho har sett opp alt frå store og små førestellingar og gjort solodansar/koreografier i ulike små og store samanhengar.

Akin Duzakin (f. 1961) illustratør og barnebokforfattar. Han har illustrert ei lang rekkje bøker og vunne fleire prisar for arbeidet sitt. I 2003 debuterte han som forfattar med biletboka Kom til Lukas. Duzakin har hovudfag i grafisk design og illustrasjon ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole. Som illustratør er han særleg kjend for vakre akrylmaleri i delikate fargenyansar, med poetiske, lett naivistiske motiv og tydelege figurar. For bøkene Tvillingbror og Tvillingsøster, der Liv Marie Austrem har skrive teksten, fekk Duzakin Brageprisen i 1995 og 1997. Saman med Oddmund Hagen blei han tildelt Unni Sands bildebokpris for 1998, for biletboka Over jordet. Elles har han motteke fleire internasjonale utmerkingar, og i 2006 fekk han Bokkunstprisen for sitt virke som nyskapande og toneangivande illustratør. Akin Duzakin har fleire gonger fått diplom og sølv i Årets vakreste bøker og Visuelt-konkurransen. Duzakin er fødd i Ankara, Tyrkia, men bur no i Hølen utanfor Oslo.

Helga G. Eriksen er cand. mag. med faga keramikk og filosofi. Oppvaksen på Stord, busett i Bergen. Har skrive bildebøker, romanar, dramatikk og forteljingar for barn, ungdom og vaksne. Debuterte i 1986 med bildeboka «På stripejakt». Sidan har det kome i alt 24 bøker frå hennar hand og hovud, samt bidrag til antologiar, utstillingskatalogar, festskrift og tidsskrift. Ho har motteke fleire litterære prisar, m.a. Kritikarprisen, Brageprisen og Samlagsprisen.

Finn–Erix er blant landets mest spesielle populærorkester, mykje på grunn av besetninga – stoveorgel m/rytmeboks, fagott og vokal. Trioen har spesialisert seg på humoristiske tolkingar av pop og rockklassikarar, og repertoaret spenner frå Deep Purple via Leonard Cohen til Bjørn Eidsvåg. Finn Tokvam, song og rytmeegg, Odd-Erik Lothe, stoveorgel m/rytmeboks, Halvor Folgerø, fagott. Opplev dei saman med ei gullrekke av gjesteartistar!

Anna R. Folkestad (f. 1983) er frå Stord. Ho debuterte i 2011 med biletboka Henrik And, som kom på russisk i 2012. Ho har skrive tre bøker om dei kreative pingvinane Unni og Gunni, og ho blei tildelt Nynorsk Barnelitteraturpris 2012 for boka Unni og Gunni reiser.  

Stig Elvis Furset (født 31. mai 1967 i Høyanger) forfatter, bibliotekar og Elvis-imitator. Stig Elvis Furset er oppvaksen på Husnes i Kvinnherad og er i dag bibliotekkonsulent ved Buskerud fylkesbibliotek. Han arbeida tidligare som bibliotekar i Rygge kommune sør for Moss. Etter en konflikt om voldelige tegneserier i biblioteket ble han kjent som «bibliotekaren fra helvete». Furset er medlem av BBØ og Avdeling Vest. Han hater Beatles og NFF.  

Frode Grytten (f. 1960) er frå Odda. Han er ein av dei mest markante novelleforfattarane i Noreg, men har og hatt suksess innanfor fleire andre sjangrar. Det store gjennombrotet fekk han med romanen Bikubesong i 1999. Grytten debuterte i 1983, og har sidan skrive både romanar, noveller, barnebøker og lyrikk.

Martine Grande (f. 1985) voks opp i Lierne i Nord-Trøndelag og bur no i Volda. Ho er utdanna animatør og jobbar til dagleg i sitt eige vesle animasjonsselskap Grande Produksjon. Kakerlakken med den stygge frakken … og hovudet fullt av triste tankar er debuten hennar som barnebokforfattar.

Atle Hansen (f. 1954) er forfattar, musikar og journalist. Han har skrive bøker for både barn og vaksne, gitt ut fleire plater og fått Vinjeprisen for nynorsk journalistikk. Hansen har studert litteratur, teater og sosiologi ved Universitetet i Bergen. Sin litterære debut fekk han i 1997 med barneboka Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill. I 2002 kom den første boka for vaksne, Sargasso. Oppvekstromanen Som ein engel (2005) følgde opp dei gode meldingane. Hansen er likevel mest kjent for dei mange spenningsbøkene for barn og unge han har på samvitet, som t.d. Det kvite pulveret (2006), Skatten i Skutevika (2007), Fangar i natta (2008) og Den svarte oksen (2009).Hansen har ei lang karriere som musikar bak seg, og har m.a. fått Hordaland Mållags målrockpris for plata Trøysteslaus hotell i 1984. Atle Hansen er frå Mosterhamn i Bømlo kommune, men har vore busett på Stord sidan 1970.

Ragnar Hovland debuterte i 1979, og allereie året etter kom den første barneboka hans, Det får stå til, som gav han Kultur- og Vitskapsdepartementet sin debutantpris. Seinare har det kome over førti bøker frå hans hand, femten av dei for barn og unge. Med sin humoristiske og innfallsrike skrivemåte var Hovland ein nyskapar i barnelitteraturen på åttitalet, og han har seinare inspirert ein heil generasjon unge forfattarar og musikarar. Hovland har motteke ei lang rekke prisar, blant anna Aschehougprisen 2012. Han var festivalforfattar under Falturiltu 2012.

Høgskulen Stord/Haugesund. «Walkman – Musikkalenderen»  Ein opera med utgangspunkt i «Walkman» av Einar Økland. Bearbeidd og komponert av studentar på HSH.

Åshild Kanstad Johnsen. Fødd 23. oktober 1978 i Bergen. Prisbelønna forfattar, illustratør og biletkunstnar. Debuterte som barnebokforfattar med Kubbe lager museum i 2010. Boka vant sølv i Årets vakreste bøker i 2011.

Per Olav Kaldestad (f. 1947) er forfattar og organisasjonsmann. Han debuterte med diktsamlinga Kikkert i 1973 og har sidan skrive ei lang rekkje bøker i dei fleste sjangrar, både for vaksne og barn. Kaldestad har gjort mykje for å fremje kunnskap om norsk barnelitteratur, m.a. som medredaktør for Årboka for barne- og ungdomslitteratur og biletboknettverket Ord & Bilde. Han har og vore formann i organisasjonen Norske Barne- og Ungdomsforfattere. For boka Sola klappar meg fekk Kaldestad i 1993 æreslistediplom Pier Paolo Vergetio (Europeisk barnebokpris). I 1997 mottok han Samlagsprisen, og i 2001 fekk han Askeladdprisen for sin forfattarskap, og for arbeidet med Årboka for barne-og ungdomslitteratur. Kaldestad er utdanna cand. philol., men er i dag forfattar på heiltid. Han bur på Stord.

Are Kalvø (f. 1969) kjem frå Stranda og er ein av verdas største nynorsk-humoristar. Dette har han dokumentert gjennom ein lang karriere som forfattar, radioprogramleiar, avisspaltist og stå-opp-komikar. Dei populære bøkene hans er samla mellom tre permar i Greatest hits vol 1 – the early years (2003), Greatest hits vol 2 – the golden years (2004) og Greatest hits vol 3 – the travelling years (2009). Her er satiriske perler som m.a. Kunsten å vere neger, Bibelen 2, Syden og Våre venner kinesarane tilgjengeleg for lesarane i praktiske utgåver med bonusmateriell.Kalvø er utdanna cand.mag. med mellomfag i sosiologi og grunnfag i statsvitskap og kunsthistorie. Han har arbeidd fulltid med humor og satire sidan 1994, hovudsakleg som kåsør, tekstforfattar og programleiar i NRK, men òg som stå-opp-komikar, forfattar av satiriske bøker og fast spaltist i Arbeiderbladet/Dagsavisen sidan 1992. Han har fått fleire prisar, bl.a. Sigmund Skard-stipendet i 2001 og Kringkastingsprisen i 2005.

Bente Bing Kleiva. Bibliotekar, bloggar (http://bentebing.wordpress.com/) og forfattar. Har bidrege med eventyr i Godnattboka (Skald, 2009). I samarbeid med Per Olav Kaldestad har ho også laga biletboka En løvetanndrøm, (2006) og  fagboka: Å si det i farge og strek; 13 norske illustratørar frå nyare tid. (2004). Ho har bidrege som redaktør og skribent i boka: Håndbok i barnebibliotekarbeid; å formidle litteratur for barn. (2002) og har vore aktiv i Nettverket Ord & Bilde.  Bur og arbeidar i Meland kommune.

Eirik V. Mæland FK Haugesund-profilen skal bidra med engasjerande fotballøkt på kunstgrasbanen på Vikahaugane under BALLTURILTU 2013.

Øystein Runde. Teiknar og grafikar frå Ulsteinvik. Gav i 2009 ut Soga om Olav Sleggja, som blei nominert til Sproingprisen for beste norske serie i 2009. Runde har i tillegg gjeve ut albuma Bjartmann og Futen, familiesplatteren Margarin, saman med Kristopher Schau, Rundetid og De Fire Store: Når de døde våkner. www.oysteinrunde.no

Kristi Lund Skorpen og Sirilin Aaserud Hystad er lærarar på Rommetveit skule og har jobba mykje med den grunnleggjande leseopplæringa i småskulen. Dei  opplevde at det var eit stort behov for tilpassa lettleste småbøker og skreiv boka «Fotball» ilag. Boka er ein del av «Bokbussen raud» frå Gan Aschehoug.

Gerhard Stoltz, fødd 1948 i Bergen, er biletkunstnar, illustratør og forfattar. Han har arbeidd med kunst i ulike former sidan han publiserte sine første dikt i tidsskriftet ”Profil” på slutten av 1960 talet. Først i nokre år som forfattar, og frå tidleg -70 tal som biletkunstnar. I byrjinga med skulptur, seinare grafikk og teikning. Frå slutten av -70 talet og med maleri, med store utstillingar i Bergens Kunstforening og Galleri F 15. I byrjinga av 1990 talet tok han opp att arbeidet som forfattar. Han har gitt ut forteljingar både for vaksne barn og barnslege vaksne, pluss tre diktsamlingar. No sist ”Husholdningsregnskap”, som kom i 2006.

Kari Stai (f. 1974) kjem frå Inderøy i Nord-Trøndelag. Ho er illustratør, forfattar og biletkunstnar. Stai debuterte med barneboka Jakob og Neikob i 2008, og for den fekk ho mellom anna Kulturdepartementet sin debutantpris. I 2010 kom Blodrik og Blodfabrikken – ei varm og artig historie om den einsame og blodsprengde kjempa Blodrik som får seg ein venn. I 2012 fekk ho Brageprisen og kritikarprisen for boka  Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake.

Oddvar Torsheim Fødd 2. november 1938 på Herland i Askvoll kommune. Biletkunstnar (målar, teiknar og grafikar). Han er utdanna ved Grafisk Skole i Charlottenborg, Danmark og Bergen Kunst og Håndverkskole (1957-1960). Han har og gjeve ut fleire diktsamlingar med eigne illustrasjonar, mellom andre Syner i syttiåra (1980) og Svarte kvitingar i 80-åra (1999), samt musikk-CD-ane Nynorskens skog (1992) og Afrika Tur-Retur Blues (2000). Han er representert på Museet for samtidskunst i Oslo .Våren 2008 kunne fjernsynssjåarar sjå Oddvar Torsheim i TV2-programmet Norske talenter. Han blei invitert av TV2 til audition for programmet etter at han var med i Norges Herligste med Ylvis-brørne på TV Norge.Han vart tildelt Sogn og Fjordane fylke sin kulturpris for 2007.Han har tidlegare vore sjømann, og har fått reist ein Bauta av seg i Førde! Han er truleg også den einaste som har komme inn på Bergen Kunst og Håndverkskole rett frå det Indiske Hav.

Wenche Øyen, fødd 1946 i Bærum, er malar og illustratør.  Ho er kjent for sine sterke barnebokillustrasjonar i akvarell. Hun har blant anna laga den prisbelønte boka «Farvel Rune», 1990, saman med forfattaren Marit Kaldhol. I 2004 gav ho ut ei eigen biletbok, «Johannas bilder», ei bok ho hadde tenkt på i 30 år. Her fortel ho si eiga historie om korleis ho som seksåring fant hjelp i maling og bilde etter at faren døyde og livet vart snudd opp/ned. Øyen er en allsidig kunstnar og er og ein dyktig grafikar. Dei uttrykksfulle og samtidige enkle landskapa får ein ny dimensjon i møte med den grafiske teknikken ho har vald.