Deltakarar 2012

Aina Basso. Debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite. I 2010 følgde ho opp med ein roman for vaksne, Fange 59. Taterpige, og i år er ho aktuell med ein ny, historisk ungdomsroman, Inn i elden. Basso er fast spaltist i Nationen. Ho er utdanna historikar og bur i Oslo.

www.ainabasso.blogspot.no

 

Atle Berge har skrive romanane Muntergang (2010) og Stockholmsyndromet (2012), og tre bøker om fotballaget Barcelona-gjengen: Birk og Barcelona-gjengen (2011), Alle mann i forsvar! (2011) og Keeperkongen (2012). Berge bur i Oslo, men pendlar annakvar helg til Bergen for å sjå Brann spele kamp.

 

 

Bente Bratlund. Frå Os i Hordaland, no med adresse på Reinsvoll, Vestre Toten, pendlande til skrivestove i Karlskoga i Sverige. Har gitt ut 26 bøker for barn og unge, alle på nynorsk. Har også skrive romanar og dikt. Reiser mykje på skuleturnear, og held skrivekurs i ulike samanhengar. Dei fleste barne- og ungdomsbøkene er også utgitt på svensk og dansk. Kjem i haust med barneboka Berre venner/Listig plan og ei ungdomsbok.

www.bentebratlund.no


Marit Eikemo. Debuterte skjønnlitterært med Mellom oss sagt i 2006. Boka fekk mykje merksemd og gode meldingar, og essaysamlinga Samtidsruinar (Spartacus, 2008) blei kåra til «Årets nynorskbok» av Dag og Tid i 2008. I 2009 kom Eikemo med sin andre roman, Arbeid pågår, ein underhaldande og samtidskritisk roman med sterkt driv, fine dialogar og ugløymelege scener. Marit Eikemo er utdanna cand.mag. og har tidligare vore journalist og redaktør for Syn og Segn. Ho er no leiar for Litteratursymposiet i Odda.

 

 

 

 

 

Helga G. Eriksen cand. mag. med faga keramikk og filosofi. Oppvaksen på Stord, busett i Bergen. Har skrive bildebøker, romanar, dramatikk og forteljingar for barn, ungdom og vaksne. Debuterte i 1986 med bildeboka På stripejakt, sidan då har det kome i alt 23 bøker frå hennar hand og hovud, samt bidrag til antologiar, utstillingskatalogar, festskrift og tidsskrift. Ho har vunne fleire barnebokprisar, m.a. Kritikarprisen, Brageprisen og Samlagsprisen.

 

 

 

 

 

Finn-Erix. Finn–Erix er blant landets mest spesielle populærorkester, mykje på grunn av besetninga – stoveorgel m/rytmeboks, fagott og vokal. Trioen har spesialisert seg på humoristiske tolkingar av pop og rockklassikarar, og repertoaret spenner frå Deep Purple via Leonard Cohen til Bjørn Eidsvåg. I tillegg framfører dei eigne låtar som Fretex Fantasi og Hjørdis med H. Sistnemnde fekk terningkast 5 i Dagbladet og låg fleire veker på Norsktoppen.

www.youtube.com/watch?v=rDzIOv8lmEk

 

 

 

Anna R. Folkestad. Stordjenta debuterte i 2011 med biletboka Henrik And, som kjem på russisk i 2012. I haust er ho også aktuell med dei to første bøkene i serien om Unni og Gunni.

www.annafolkestad.no

 

 

 

 

 

 

Atle Hansen. Forfattar, musikar og journalist. Har skrive bøker for både barn og vaksne, gitt ut fleire plater og fått Vinjeprisen for nynorsk journalistikk. Sin litterære debut fekk han i 1997 med barneboka Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill. I 2002 kom den første boka for vaksne, Sargasso. Hansen er likevel mest kjent for dei mange spenningsbøkene for barn og unge, som t.d. Det kvite pulveret (2006), Skatten i Skutevika (2007), Fangar i natta (2008) og Den svarte oksen (2009). I haust er han ute med leseløva Amanda sin medisin.

www.atlehansen.net

 

Ragnar Hovland. Festivalforfattaren debuterte i 1979, og allereie året etter kom den første barneboka hans, Det får stå til, som gav han Kultur- og Vitskapsdepartementet sin debutantpris. Seinare har det kome over førti bøker frå hans hand, femten av dei for barn og unge. Med sin humoristiske og innfallsrike skrivemåte var Hovland ein nyskapar i barnelitteraturen på åttitalet, og han har seinare inspirert ein heil generasjon unge forfattarar og musikarar. Hovland har motteke ei lang rekke prisar, blant anna Aschehougprisen 2012.

 

 

 

Per Olav Kaldestad. Debuterte med diktboka Kikkert i 1973 og har skrive bøker i alle sjangrar for vaksne og barn.  Medredaktør av gjendiktingsboka Poetisk modernisme (1995).  I 1997 kom Dikt i utval 1973-1993. Fire av diktbøkene hans er for barn, den siste er Med kråkenebb og kråkeføter (2010), illustrert av Hilde Kramer.  Siste vaksenbok er Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly, reisebok frå Canada saman med Dag Helleve og Ragnar Hovland. Han har gitt ut fleire fagbøker, bl.a. Diktboka (1984, siste reviderte utgåve 2006), skriven saman med Hanne Knutsen og Å si det i farge og strek. 13 norske illustratører fra nyere tid (2004) saman med Bente Bing Kleiva. Var medredaktør av Årboka Litteratur for barn og unge (1998-2010).

 


Lars Mæhle. Kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre.  Har skrive fleire bøker for barn og unge, og fekk sitt store gjennombrot med fantasyromanen Landet under isen i 2009.Mæhle debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper’n til Liverpool (2010), er basert på denne boka. Han er også mannen bak den populære serien om det herlege fotballaget Knoterud FK.

www.larsmahle.no/

 

 

 

Odd Nordstoga. Hadde allereie gjeve ut ei rekke plater av strålande kvalitet då han i 2004 slo gjennom for fullt med plata Luring og superhiten Kveldssong for deg og meg. Gjennom seinare plater som Jul i svingen (2006), Pilegrim (2008), November (2010) og Bestevenn (2011), musikken til filmatiseringa av Maria Parr si bok Vaffelhjarte , har han berre stadfesta sin posisjon som ein av våre mest folkekjære artistar.

www.oddnordstoga.no

 

 

 

Erna Osland. Debuterte i 1987 med ungdomsromanen Natteramnen og har skrive ei rekkje kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne.  Osland har vore festspeldiktar under Festspillene i Bergen (2004), Dei nynorske festspela (2007) og Falturiltu (2009). Erna Osland har fått ei rekkje prisar for bøkene sine, bl.a. Brageprisen og Norsk litteraturkritikarlags barnebokpris for Salamanderryttaren (1999), Nynorsk barnelitteraturpris for Matti og den store stjernepassaren (1995) og Kultur- og kirkedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for Ivar Aasen: ei historie om kjærleik (1996) og Skarpe tenner(2005).

www.ernaosland.no

 

 

 

Maria Parr. Debuterte med eit stillferdig brak i 2005 med den kritikarrosa barneboka Vaffelhjarte.  Gjennombrotet kom i 2009 med Tonje Glimmerdal, som gav henne både Kritikarprisen, Teskjekjerringprisen og Brageprisen. Begge bøkene har seld i svimlande opplag her heime, og er omsett til ei lang rekke språk.

 

 

Øystein Runde. Teiknar og grafikar frå Ulsteinvik. Gav i 2009 ut Soga om Olav Sleggja, som blei nominert til Sproingprisen for beste norske serie i 2009. Runde har i tillegg gjeve ut albuma Bjartmann og Futen, familiesplatteren Margarin, saman med Kristopher Schau, Rundetid og De Fire Store: Når de døde våkner.

www.oysteinrunde.no

 

 

 

 

Tor Arve Røssland. Mest kjent for serien om den vesle kultfiguren Pode som vi første gong blei kjend med i boka Pode frå 1999. Seinare har ein kunna  glede seg over å følgje han i Pode mister fotfestet (2000), Pode får snue (2002) og Anti-Pode (2006). Den første boka om Pode er omsett til tysk. Røssland har også skrive ungdomsromanen Plutselig skjøna eg alle songane (2004) og lettlesboka På rømmen i New York (2008). Svarte-Mathilda (2010) vart nominert til Uprisen. Svarte Mathilda II kjem i haust.

http://forfattaren.com/

 

Hans Sande. Rotlaus vestlending, presteson, oppvaksen i Naustdal, Førde, Lier, Breim, Austevoll og Bergen. Bur i Førde. Har arbeidd på sardinfabrikk (Bjelland nr 11), på Valen sjukehus, Orkdal sjukehus, Innherred sykehus, Åsgård sykehus. Slutta i helsevesenet i 1997. Debuterte i 1969 med diktsamlinga Strime som  gav han Tarjei Vesaas sin debutantpris.

www.hans-sande.com

 

 

 

Dagrun Skjelbred. Professor i norsk ved Høgskolen i Vestfold. Ho har vore lærar i grunnskulen, i vidaregåande opplæring og i læararutdanninga. Skjelbred har særleg  arbeidd  med norskdidaktiske problemstillingar og med forskning på lærebøker og andre læringsressursar. Doktorarbeidet hennar er ein studie av den eldste norske abc-tradisjonen, og ho har vore opptatt av historiske problemstillingar både innanfor norskfaget og i si forskning på lærebøker. Ho har gitt ut fleire bøker for grunnskulen og for høgare utdanning, og leiar no eit arbeid med å skrive eit oversynsverk over norsk lærebokhistorie.

 

 

Erik Thorstvedt. Etter endt fotballkarriere har keeperlegenda Thorstvedt vore trenar på landslaget, sportsdirektør, forfattar, ekspertkommentator, programledar og gründer. Dei siste åra er han kanskje mest kjent frå programseriane Heia Tufte på TV Norge! Thorstvedt er også ein mye brukt konferansier og toastmaster, flink til å avvikle både sosiale og faglege samenkomstar med humor og ettertanke.

 

Helge Torvund. Lyrikar, kritikar og psykolog.  Debuterte med Hendene i byen i 1977 og har seinare gitt ut ei lang rekkje diktbøker, barnebøker, fagbøker og gjendiktingar av amerikansk lyrikk. Med samlinga Lyssmeden (1983) etablerte Torvund seg som ei solid lyrisk stemme i den norske litteraturen, og for Den monotone triumf (1989) blei han tildelt Nynorsk litteraturpris. Torvund har sidan gitt ut bøker nesten årleg, og i 1996 fekk han Samlagsprisen for sin forfattarskap.

http://en.twitter.com/2rvund