Konkurranse

 

Falturiltu-logoSunnhordlandslåten 2016

Vinnaren blei duoen Hotel Sundal med låten «Kolonne» (tekst og musikk: Torgeir Kismul Matre) . Høyr den her:

Kan du skriva låten som vil få like lang levetid som Kråkevisa eller Grisen står og hyler? Uansett om du er sytti eller sju år – og uansett sjanger:  vise, rock, reggae, country. Berre teksten er på nynorsk –  Spel den inn, send den til oss og ver med i konkurransen om Sunnhordlandslåten 2016.

Vinnaren vil få framføra låten før konserten med Sigrid Moldestad, i Stord kulturhus, 6. november.

I juryen finn ein Aleksander Vallestad, musikkprodusent i NRKP1/P1+, musikar og komponist Sigrid Moldestad, festivalleiar Roald Kaldestad og Magne Kydland, ansvarleg redaktør i Mediehuset Sunnhordland.

Send ditt bidrag til: falturiltu@gmail.com

Frist for innsending onsdag 12. oktober!

————————————————————————————

Sunnhordlandslåten 2015

Vinnar i 2015 blei Åsmund Nesse med låten Gje meg ei lysning. Høyr den her

Kan du skriva låten som vil få like lang levetid som Bestevenn eller ein Farfar i livet? Uansett om du er sytti eller sju år – og uansett sjanger:  vise, rock, reggae, country. Berre teksten er på nynorsk –  Spel den inn, send den til oss og ver med i konkurransen om Sunnhordlandslåten 2015.

Vinnaren vil få framføra låten som oppvarming før Odd Nordstoga sin konsert på ARENA, 6. november.

I juryen finn ein festivalforfattar Maria Parr og romandebutant Synnøve Macody Lund, festivalleiar Roald Kaldestad og Magne Kydland, ansvarleg redaktør i Mediehuset Sunnhordland.

Send ditt bidrag til: falturiltu@gmail.comFrist for innsending torsdag 15. oktober!

 

I 2014 var det to konkurransar i regi av Falturiltu:

faltu2014A) HANDARBEIDSTEVLING.

Er du glad i å spøta, hekla og sauma? Glad i fargar og garn, i å vera kreativ? Bli med i tevlinga om å laga det beste Falturiltu-handarbeidet! Du kan også bruka andre materialar, som tre, metall, leire, eller det du måtte ha for handa, så å seia. Ta ein kikk på logoen vår og fargane våre på www.falturiltu.no, og lat deg inspirera! Alle arbeida som blir med i tevlinga vil bli stilt ut i Museumshallen på Sunnhordland museum i veke 45, og vinnaren blir kåra på vaksenbokkvelden til Stord mållag onsdag 3. november. Der vil Eli Fossdal Vaage lesa frå boka Hekla myterArbeidet må vera levert til Kulturhuset eller Ullkroken innan sundag 31. oktober. Juryen er sett saman av Kathrine Huglen, høgskulelektor i kunst og handverk ved HSH, Jane Jünger, direktør ved Sunnhordland museum, og Hege Myklebust, leiar i Stord mållag. Vinnaren får eit gåvekort på garn frå Ullkroken til 500,-, og eit signert eksemplar av boka Hekla myter.

Krakevisa_aB) SUNNHORDLANDSLÅTEN 2014

Vinnar blei Johanne Engevik Olsen med låten Når alt går i svart.

Kan du skriva låten som vil få like lang levetid som Kråkevisa? Uansett om du er sytti eller sju år – og uansett sjanger:  vise, rock, reggae, country. Berre teksten er på nynorsk. Spel den inn, send den til oss og ver med i konkurransen om Sunnhordlandslåten 2014. Vinnaren får framføra låten under opningsfesten på Falturiltu, i Stord kulturhus 2. november, saman med Tønes, Lene Kaaberbøl m.fl.

I juryen finn journalist og forfattar Linda Eide, Berte Rommetveit, med bakgrunn som songar, skodespelar og musikkprodusent, festivalleiar Roald Kaldestad og Magne Kydland, ansvarleg redaktør i Mediehuset Sunnhordland.

Send ditt bidrag til: falturiltu@gmail.com. Frist for innsending onsdag 15. oktober!

————————————————————————————-

Sunnhordlandslåten 2013

Heile tjue låtar kom inn til konkurransen «Sunnhordlandslåten 2013. Stor takk til alle bidragsytarar! Juryen valde til slutt ut bandet Nese Rastafari og låten «Bala» som vinnar.

Kan du skriva låten som vil få like lang levetid som «Kråkevisa» eller «Kveldsong for deg og meg» ? Uansett om du er sytti eller sju år – og uansett sjanger –  vise, rock, reggae, country. Berre teksten er på nynorsk. Spel den inn, send den til oss og ver med i konkurransen om Sunnhordlandslåten 2013.

I juryen sit Finn Tokvam, NRK-journalist, forfattar og fronfigur i populærmusikkorkesteret Finn-Erix,  Synnøve Engevik, konservator ved Rockheim – det nasjonale museet for populærmusikk i Norge, Roald Kaldestad, forfattar, musikar og kunstnarisk leiar for Falturiltu, og Magne Kydland, ansvarleg redaktør i Mediehuset Sunnhordland.

Vinnaren får blant anna ein demoavtale med NRK og dermed spela inn låten i NRK sine studio i Bergen og framføra den på konsert under Falturiltu.

Send ditt bidrag til: falturiltu@gmail.com

Frist for innsending onsdag 15. oktober!

———————————————————————————————————————–

Sunnhordlandslåten 2012

Det kom inn heile tolv låtar til konkurransen Sunnhordlandslåten 2012. Kvaliteten var høg og det blei svært så tett i toppen. Vinnar blei Runar B. Mæland med låten «Fuglane» , mens  Vibeke Grov kom på ein knepen andreplass med» Finn din veg». På tredjeplass havna  «Berrføtt» med Marianne Tvedt på vokal, tekst av Anders Bakke og melodi av Kolbjørn Tvedt.

Høyr demoen av vinnarsongen her: Fuglane 

Juryen bestod i år av Aleksander S. Vallestad (musikkprodusent i NRK P1), Synnøve Engevik (Konservator ved Rockheim, Det nasjonale museet for populærmusikk) og festivalforfattar Ragnar Hovland. Juryearbeidet blei noko komplisert av at Ragnar Hovland sat verfast i Brooklyn, så ei grundig grunngjeving kjem seinare, men her er eit par stikkord om vinnarsongane.

«Fuglane» har ein fengande melodi som er lett å hugse og eit refreng ein får lyst til å synge med på. Teksten er klar og konsis og fortel ei historie om ei ungdomstid som, i alle fall mange av oss, kan kjenne seg igjen i. Strofer som «å leva heile livet på ein kveld» er treffande og gjer at ein trekk på smilebandet og hugser teksten etter å ha høyrt den. Alt i alt framstår den som ein god poplåt med hitpotensiale.»

«Finn din veg» Dette er fengande visepop i ein god låt med stort potensiale. Den er dynamisk og har ei fin melodiøs og harmonisk oppbygging på vers til bridge, og vidare til refreng. Arrangementet er enkelt og effektivt og den tostemte songen på refrenget gir eit fint løft. Opplever teksten som ærleg med ein relevant og aktuell tematikk, og framføringa som overbevisande. Det er tyngde i og svingar av både songen og gitarspelet.  

Sunnhordlandslåten 2012

Kan du skriva låten som vil få like lang levetid som Kråkevisa? Uansett om du er sytti eller sju år – og uansett sjanger: heavy, vise, rock, reggae, country. Berre teksten er på nynorsk. Spel den inn, send den til oss og ver med i konkurransen om Sunnhordlandslåten 2012. 

I juryen finn ein Synnøve Engevik (tidlegare trommis bl.a i Supervixen, no konservator ved Rockheim, nasjonalmuseet for pop og rock i Noreg), Ragnar Hovland, festivalforfattar under Falturiltu 2012, og musikkprodusent i NRK P1, Aleksander Vallestad.

Vinnaren får blant anna spela inn låten i NRK sine studio i Bergen og framføra den på konsert i heishuset på Litlabø, under Falturiltu, torsdag 8. november.

Send ditt bidrag til: falturiltu@gmail.com

Frist for innsending onsdag 24. oktober!