Bjørn Sortland

 

Bjørn Sortland

 

Falturiltu er svært stolte av å presentera Bjørn Sortland som festivalforfattar i 2016. Sortland debuterte i 1992 og fekk sitt gjennombrot allereie året etter med biletboka Raudt, blått og litt gult, som han laga saman med illustratøren Lars Elling. Han har seinare skrive over femti bøker, hovudsakleg for barn og unge. Bøkene hans er omsett til over tjue språk, og dei har sikra han ei lang rekke prisar i inn- og utland. Tema for Falturiltu 2016 blir kjærleik. I sin omfattande og varierte forfattarskap, skildrar Sortland ofte kjærleik mellom menneske, men også kjærleik til kunst, og spesielt biletkunst er ein raud tråd. Han har skrive bøker inspirerte av ei rekke av dei største malarane i vestleg kunsthistorie, som Giotto, Chagall og Kahlo, og han har samarbeidd med fleire av dei beste nolevande norske illustratørane, bl.a Trond Bredesen, Elisabeth Moseng, Lars Elling, Fam Ekman, Hilde Kramer, Kim Hiorthøy og Øyvind Torseter.

www.bjornsortland.no

Under Falturiltu 2016 treff du han her, her,  her og her!