Finn Tokvam

!cid_55020D2C-F05D-4021-9F5B-0A9C079E1E4E@cust-bgo_net_intellit

Finn Tokvam sitt talkshow, Folk & Finn, har gått for fulle hus i Bergen i over to år. På sitt særeigne vis lar Tokvam oss kome halvtett inn på heilinteressante personar. Tokvam garanterer også musikk, dans og basar. Kort sagt topp underhaldning. Denne kvelden har han med seg det musikalske stjerneskotet Daniel Kvammen, og festivalforfattar Bjørn Sortland.

Sikra deg billett no!

Finn Tokvam er kjent frå P.I.L.S på NRK, han er spaltist i Bergens Tidende og vokalist i populærorkesteret Finn-Erix. Han har skrive bøker og dansa seg inn i hjartene til folk flest. Som journalist, kåsør og humorist har han gjort ei rekke intervju med kjente personar dei siste tjue åra. Han er spesielt kjent for spørsmålet: tok du fly?

Nynorsk barnebokfestival på Stord