Hans Sande

sek-person-scid-1777

 

Hans Sande er forfattar, biletkunstnar og utdanna lege med psykiatri som spesialfelt. Han debuterte i 1969 med diktsamlinga Strime, som han fekk Tarjei Vesaas» debutantpris for. Seinare har han skrive over femti bøker for ungar, ungdom og vaksne, både romanar, biletbøker og diktsamlingar. Hans Sande har motteke mange prisar for bøkene sine, blant anna Kulturdepartement sin biletbokpris for Plommetreet, saman med illustratøren Olav Hagen, og Arkimedes og brødskiva og Slangen i graset saman med illustratøren Gry Moursund. Han har sjølv laga illustrasjonar til omslag på mange av bøkene sine, og har dessutan illustrert bildeboka Kom no, natt!, med oljemaleri,  og diktboka Heilt konge, med strekteikningar. Han har også hatt fleire spanande utstillingar av skulpturar og maleri.

Under Falturiltu 2016 treff du han blant anna her!

Nynorsk barnebokfestival på Stord