2. – 9. november 2024
Profilfoto Linda Eide av Tore Zakariassen.

Linda Eide

Les meir

Profilfoto Sjur Hjeltnes av Hanne Cathrin Olsen.

Sjur Hjeltnes

Les meir

Portrett Anja Dahle Øverbye av fotograf Thomas Ekstrøm

Anja Dahle Øverbye

Les meir

Tilbake

Ingelin Røssland

Festivalforfattar 2011

Ingelin Røssland kjem frå Tysnes og er utdanna journalist og skodespelar. Ho debutrerte med Viss du vil i 1998. For boka Handgranateple fekk Røssland Sunnmørsprisen og Uprisen. Røssland har skrive skjønnlitterære bøker for barn og ungdom, lettlestbøker og sakprosabøker. Bøkene hennar er omsette til fleire språk, mellom anna tysk, fransk, engelsk, færøysk og dansk.

Røssland var Falturiltu sin yngste festivalforfattar nokosinne, då ho som 35-åring i 2011 allereie hadde ein lang karriere bak seg.