Kategoriarkiv: Ymse

Ny drakt

Plakat 2019

Det er ei glede å presentere Falturiltu i ny drakt! Øystein Vidnes er mannen bak årets plakat og logo. Vidnes (f. 1976 og busett i Leikanger i Sogn) er designer, forfattar, omsetjar og illustratør. Dei siste åra har han markert seg som ein strålande formgjevar av bokomslag og bøker, for forlag i både Noreg og Danmark. Han har vunne fleire gjeve prisar for sitt arbeid.

PS! Programmet for Falturiltu er klart om få veker. Gled dykk!

 

Eva Weel Skram opnar Falturiltu 2019

Eva Weel Skram - Finne heimFalturiltu utvidar festivalen med ein dag i 2019, og slår til med sjølvaste Eva Weel Skram som opningsartist fredag 1. november.

Nyleg slapp Eva sitt første album «Finne heim» med nynorske tekstar til strålande mottaking. Ho har fått eit stort og trufast publikum landet over, og Falturiltu kan lova ein særs stemningsskapande kveld i storsalen i Stord kulturhus! Heilt sidan Eva byrja å syngja på morsmålet etter deltakinga i «Hver gang vi møtes», har det gått slag i slag for artisten frå Sogndal, og høgdepunkta frå dei siste åra er mange.

Ferske hitar har kome som perler på ei snor, og konsertpublikummet kan gleda seg til å få servert favorittar som «Om du vil» og «Hold meg», i tillegg til både stev og Eva sine vakre tolkingar av Ole Paus og Henning Kvitnes. Konsertane er smakfullt innpakka i vakre og harmoniske lydbilete, og Eva har som alltid med seg sin faste musikalske samarbeidspartnar, ektemann og gitarist: Thomas Stenersen.

Kaldhol blir festivalforfattar i 2019

Marit-Kaldhol Foto Øyvind EideMarit O. Kaldhol blir festivalforfattar under Falturiltu 2019. Festivalforfattaren er mest  kjent for sine poetiske og sterke forteljingar for barn og unge, både bildebøker, diktbøker og romanar. I tillegg har ho gjeve ut lyrikk, forteljingar og romanar for vaksne.  

Kaldhol debuterte i 1983, med diktsamlinga lattermilde laken. Seinare har barneboka Farvel, Rune gjort stor suksess, med sal til tolv land og tildeling av ei rekke internasjonale prisar, bl.a Premio Europeo Pier Paolo Vergerio og Deutsche Jugendliteraturpreis.

Bøkene hennar har vorte lansert i minst 15 land, og ho har mottatt Kulturdepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for bøkene kino og søkeord: ayotzintli og Nynorsk barnelitteraturpris for ungdomsromanen zweet.

Marit O. Kaldhol blir å treffa under årets Vossa Jazz, i samarbeid med Falturiltu: https://vossajazz.no/arrangement/badnajazz-marit-o-kaldhol/

 

Rekordar i fleng

45814958_261617051211090_4163365662644764672_nMe i Falturiltu har telt opp publikum på dei nitti (ny rekord)  arrangementa som har blitt avvikla i ti kommunar (også ny rekord) i  festivalveka, og talet er 7038, over tusen fleire enn i 2017. Dette gjev verkeleg energi til å gå i gang med planlegginga av neste års festival.

Tusen takk til festivalforfattar Kari Stai og  alle andre forfattarar, musikarar, bildekunstnarar, dokkespelarar, føredragshaldarar, frivillige, samarbeidspartnerar og ikkje minst publikum, som gjorde Falturiltu 2018 til ein ny milepæl.

Me sjåast i veke 45, 2019!