Kategoriarkiv: Ymse

Himmelhamn & Walgermo

Kjøp billett her!

Alf Kjetil Walgermo, forfattar og kulturredaktør i Vårt Land, har med Ein røff guide til bibelen, skrive ei kunnskapsrik og lett tilgjengeleg innføring i Bibelen. Med stor nysgjerrigheit og pedagogisk kløkt tek han med seg lesaren inn i Det gamle og Det nye testamentet. Boka er laga både for dei som treng ei oppfrisking av bibelkunnskapane sine, og for dei som knapt har sett i ein bibel, men som føler at dei går glipp av noko viktig. Boka for alle som treng å friske opp att bibelkunnskapane sine, og dei som aldri har opna ein bibel!

Kva skjedde eigentleg under Davids kamp mot Goliat? Kva er opphavet til uttrykket «heile sulamitten»? Og visste du at det var Jesus som først bad oss om å ikkje kaste perler for svin?

Bibelen er den mest selde boka i verda. Bibelen er både heilag tekst og ein litterær triumf – utgangspunktet for to verdsreligionar og ein grunnstein for den vestlege litteraturen og sivilisasjonen. Kan vi eigentleg forstå historia vår, språket og kulturen om vi ikkje veit kva som står i Bibelen?

For mange er dette den viktigaste boka som er skriven, medan mange har eit eksemplar av Bibelen ståande i bokhylla, utan at dei nokon gong opnar han.

Walgermo er ellers aktuell med boka Du som er i himmelen i starten av november.

Bandet Himmelhamn måtte søke bakover for å finne fram – og gamle salmebøker inspirerte Vigleik Winje, , til å skrive ny musikk til gamle tekstar. Bak støv og utilgjengelege skrifttypar fant han radikale tekster om mennesket og Gud. Her var det få snarveier, og tekstene handterer spennet mellom uro og fred, håp og fortviling, frelse og fortaping på et vis som kjennest ekte.

Himmelhamn har eit sterkt melodifokus som vert formidla i et organisk og nært uttrykk. Musikken spenner frå enkle singer songwriter melodier til meir sfæriske arrangement.

Himmelhamn er: Vigleik Winje: Vokal, akustisk gitar, el-gitar & metallofon. Hanne Undheim Askeland: Vokal: Jarle Kristoffersen: Cello. Torleiv Fossum: Banjo, pedal steel, akustisk gitar & el-gitar. Kjell Magne Fauskanger: Bass

Arrangementet er  eit samarbeid mellom Falturiltu og Stord sokneråd

Come Shine med Jan Erik Vold og Einar Økland

Eitt av dei beste jazzbanda i landet, saman med to av våre mest folkekjære poetar.

Tjueårsjubilanten Come Shine er kjende for fantasifulle og nyskapande tolkingar av jazzstandardrepertoaret. At Jan Erik Vold har eit spesielt øyre for jazzen vart klårt alt på slutten av 60-talet, då han gav ut «Briskeby blues» saman med Jan Garbarek. Han bringer fram i ljoset den jazzpoetiske arven som ligg i Come Shine sitt fokus på tekstar og formidling. Einar Økland har også ei livslangt kjærleiksforhold til jazzen, og saman med bl.a  Jan Erik Vold var han redaktør for boka Jazz i Norge i 1975.

Erlend Skomsvoll – piano
Live Maria Roggen – vokal
Sondre Meisfjord – bass
Håkon Mjåset Johansen – trommer
Jan Erik Vold – dikt, stemme
Einar Økland – dikt, stemme

Arrangementet er eit samarbeid mellom Falturiltu og Stord Jazzklubb.

Billettar finn du her!

Kari Stai blir festivalforfattar i 2018!

image

Kari Stai er forfattar og illustratør, mest kjend for bøkene om Jakob og Neikob. Historiane om desse to blir karakterisert som moderne barnebok-klassikarar. Dei er omsette til ei lang rekke språk og er blitt både animasjonsfilm og teater. I fjor haust lanserte Stai boka Tankespinn som er ei vakker og innsiktsfull forteljing om vanskelege tankar i eit lite hovud.

Falturiltu er blitt ein nasjonal festival for nynorsk barne- og ungdomslitteratur, og for å markera dette har ein valt å sleppa årets festivalforfattar i samarbeid med Litteraturhuset i Trondheim, 21. mars.

Same veka lanserer Falturiltu årets tema under Vossa Jazz. 24. mars vil Vegard Markhus lesa og fortelja på biblioteket.  Markhus fekk Nynorsk barnebokpris for bildeboka Timothy mister seg sjølv. Tema i 2018 blir bildebøker, og mottoet blir Ord + bilde = sant.

Kari Stai – Trondheim 21.03: https://www.facebook.com/events/1419597678152658/
Vegard Markhus – Voss 24.03:
https://vossajazz.no/arrangement/vegard-markhus/