Kategoriarkiv: Ymse

Bankande hjarte

Festivalforfattaren vår, Ingelin Røssland, får flott omtale i Dagbladet for si nye bok «Minus meg»

Meldaren skriv: «To av årets ungdomsromaner handler om jenter som trenger nytt hjerte, bokstavelig talt. Mens Alf Kjetil Walgermos bok, «Mitt bankande hjarte,» er øm og virkelighetsnær, trekker Ingelin Røssland historien lenger: Hva skjer om hjertet ikke bare er sykt, men stopper – helt?»

Alf Kjetil Walgermo kjem også til Falturiltu, både for å besøka ungdomsskuleelevar, og å delta på ein open «Hjartekveld» i Kulturhuset.

Les meir om Ingelin Røssland si bok her: Minus meg.

Og om Alf Kjetil Walgermo si bok her: Mitt bankande hjarte.

 

 

Englefjes og tøff i trynet

Noregs einaste litteraturfestival for nynorske barne- og ungdomsbøker er stolte over å kunna presentera den tøffaste jenta i klassen, Ingelin Røssland, som årets festivaldiktar. Motto for festivalen i år er «Tøff i trynet». Den nynorske barne- og ungdomslitteraturen har gjerne hatt eit ord for seg for å vera velskriven, morosam, gjerne ironisk, poetisk og på eit høgt litterært nivå. Ingelin Røssland sine bøker har alt dette, men dei er i tillegg spennande, tøffe, provoserande og ikkje minst inne i si eiga tid. Røssland skrive om unge jenter med både mot og styrke, som t.d. Engel Winge som både har eit englefjes og er tøff i trynet.

På Falturiltu 2011 vil Ingelin Røssland og bøkene hennar bli presenterte gjennom opplesingar, teater, konsertar og gjennom hennar eiga forelesing på Falturiltu-seminaret.

Ingelin Røssland
Født 19. februar 1976.
Oppvaksen på Tysnes i Sunnhordland. Busett i Stockholm.
Debuterte som forfattar i 1998 med ungdomsromanen «Viss du vil» på Det Norske Samlaget.
Begynte som journalist i lokalavisa Tysnes i 1995. Har også jobba for Hardanger Folkeblad og Haugesunds Avis. Fram til desember 2007 var ho tilsett i NRK der ho jobba som journalist og producer for fjernsynsprogrammet Newton. Jobbar no som forfattar på heiltid.
Teaterutdanning frå Bergen Teaterskole, journalist- og dokumentarfilmutdanning frå Høgskulen i Volda.
Ingelin Røssland er leiar for NB U (Norske barne- og ungdomsbokforfattere) sitt litterære råd.
Prisar
Ibby Honour List 2008
Blei tildelt Guro Sandsdalens litteraturpris
Vinnar av UPrisen 2007.
Sigmund Skard-stipendet 200