Maria Parr

Maria Parr har lenge vore ein av dei mest populære barnebokforfattarane i landet. Dei to bøkene ho har gjeve ut tidlegare er omsette til ei rekke språk, og har motteke litteraturprisar i inn- og utland. No er ho rykande aktuell med Keeperen og havet,  oppfølgjaren til debutboka Vaffelhjarte. Den nye boka har allereie fått strålande meldingar, Maria Parr er fremdeles god som gull, skriv NRK Bok, VG trillar femmar på terningen og  Aftenposten sin meldar konkluderer med at: «Parr er tilbake og overgår seg selv». Maria Parr vil blant anna delta under Stord kulturskule sin store konsert i kulturhuset, torsdag 9. november.