Morgonfrosken

Morgonfrosken
Morgonfrosken

Med den eminente folkemusikaren Annlaug Børsheim i spissen har bandet Morgonfrosken spelt ei rekke konsertar dei siste åra, mellom anna på Førdefestivalen, på Bajazz i Bergen og Badnajazzen på Voss. Hausten 2016 kom den fyrste plata til Morgonfrosken, med namnet «Og fjøla blei ein seglbåt og tanken blei ein vind». Den hausta mange godord frå både store og små tilhøyrarar.

Annlaug Børsheim – vokal, gitar, fele
Ingemund Askeland – banjo, klarinett, munnspel
Mari Skeie Ljones – fele og hardingfele
Linn Frøkedal – tangentar, bass og gitar
Kåre Opheim – trommer

På Falturiltufest, søndag 5. november får dei med seg Barnekoret Levande Lys, Aspane og Stord kulturskule si dansegruppe og festivalforfattar Per Olav Kaldestad. Kjøp billett her!

For den spretne, nyfikne og undrande Morgonfrosken er ingen tema for store eller for små. Universet, einsemd og kjærleik går hand i hand med vêr og vind, fugl og frosk. Musikken er ei fin blanding av norsk folkemusikk, viser og pop, og tekstane er henta frå boka Når Morgonfrosken syng av Per Olav Kaldestad.