Om festivalen

Den nynorske barne- og ungdomslitteraturen er rik og variert. Men det er framleis mange, også i dei nynorske områda av landet, som ikkje kjenner godt nok til den. Derfor vil me skapa ein årleg festival, der dei nynorske bøkene og forfattarane blir synte fram på ulike måtar og i ulike samanhengar.

Sunnhordlandsforfattarane har lenge stått sterkt i norsk barne- og ungdomslitteratur.

Einar Økland, Hans Sande, Rune Belsvik og Ragnar Hovland var sentrale i den store nyskapinga i denne litteraturen i 1970- og 1980-åra, og etter kvart har det komme til ei rekkje ulike forfattarar i regionen som har skrive gode bøker for born og unge. Me har òg framståande klassikarar som Ragnvald Vaage og Johannes Heggland på dette området. Om me utvidar perspektivet litt nordover og sørover, vil me også få med klassikarar som Per Sivle og Rasmus Løland og fine samtidsforfattarar som Erna Osland, Arnt Birkedal og Finn Øglænd. Det er såleis naturleg at ein nynorsk barnelitteraturfestival blir lagt til sunnhordlandsbyen Stord.

Bøker som ikkje er kjende, treng å bli formidla. Særleg gjeld dette bøker som har noko nytt i seg; bøker som provoserer, anten ved tema eller form; bøker med uvanleg motiv og skrivemåte; bøker som bryt sterkt med tradisjonen. Men når det gjeld den nynorske barne- og ungdomslitteraturen, er det trong for å formidla heile spekteret av bøker, både dei nyskapande og dei tradisjonelle. Ikkje minst har det dei siste åra blitt prøvt ut ein del meir populære sjangrar på nynorsk, som kriminal- og spenningslitteratur, og desse bøkene fortener også å komma tydelegare fram i lyset.

KVEN ER FALTURILTU?

Festivalen er eigd av Stord kommune, og har til no fått støtte av Norsk Kulturråd, Sparebanken Vest, HSH, SKL, Samlaget, Hordaland fylkeskommune, NBU, Fritt Ord og UDI.

Roald Kaldestad (festivalleiar), Jane Cathrin Særsten Junger og Hege Myklebust, Anna R. Folkestad og Trond L. Onarheim er ansvarlege for utforminga av festivalprogrammet.

Sekretariatet ligg i kulturtenestene i Stord kommune. Kontaktpersonar: Trond Leirvik Onarheim (Trond.Leirvik.Onarheim@stord.kommune.no) og Roald Kaldestad (kaldestad@hotmail.com)

Festivalen samarbeider med Sunnhordland Museum, Stord folkebibliotek, Høgskulen Stord/Haugesund, Biblioteka i Sunnhordland, Nynorsksenteret, Bømlo kommune, LNK, Pirion, Foreningen !Les, SILK, bLEST og Stord Mållag.

 

Nynorsk barnebokfestival på Stord