Kunstutstillinga: Stord vgs, formgjevingslinja

"Tøff i trynet"
«Då me fekk oppgåva om å designe eit antrekk med barokk og tøff i trynet i tankane, visste eg at eg ville lage ein kjole med ein gong. Det ville bli ein kul kjole.»
Elev frå Stord vgs, formgjevingslinja
Elevane har jobba med kol også. Dei har utforska valørar og teksturar. Det starta med ei teikning av eit realistisk andlete. Så forenkla dei det og stiliserte teikninga. Til slutt forstørra dei det på overhead og der flytta og forskauv dei det, slik at andletet blei tøft i trynet.
Dei har jobba intenst på den korte tida dei hadde til rådveld. Dei kunne ynskje at den nye reforma ikkje hadde tatt så mange timar frå faget. Dei har utnytta tida godt, og det blir spanande å få sjå utstillinga når den opnar på sundag etter Falturiltufesten. Liv Kari Eskeland vil opne utstillinga frå scenen under Falturiltufesten sundag, 6.11.11, kl. 16.00. 24 elevar stiller ut i kunsthallen på Stord kulturhus.
Kolteikning av elev – utsnitt av eit auge.

Bok- og fotballfest!

      

Falturiltu og Stord Fotball inviterer alle fotballglade born til fest på Vikahaugane, tysdag 8. november kl 18. Lars Mæhle (forfattaren bak «Keeper’n til Liverpool») og Atle Berge vil lesa frå bøkene sine om Knoterud FK og Barcelona-gjengen, det blir saft og kake i foajeen, og fotballaktivitetar (med fine bokpremiar!) på kunstgraset. Alt dette for kr 50,-.

obs! Bindande påmelding til Roald Kaldestad (tlf: 954 60 749 / epost: kaldestad@hotmail.com) innan 1. november.

Rockar på norsk

Denne veka var Nam Nguyen frå Fjorden Baby! i Kunsthallen på Kulturhuset og heldt låtskrivarkurs for unge rockeband, blant andre 4Adamas og Abzurd.

– Dette var veldig kjekt, seier ungdomane, og Nam var svært nøgd med dei unge låtskrivarane. Dei nye låtane vil bli framførde på ein eigen rockekonsert på ungdomsklubben på Litlabø under Falturiltu.

Bankande hjarte

Festivalforfattaren vår, Ingelin Røssland, får flott omtale i Dagbladet for si nye bok «Minus meg»

Meldaren skriv: «To av årets ungdomsromaner handler om jenter som trenger nytt hjerte, bokstavelig talt. Mens Alf Kjetil Walgermos bok, «Mitt bankande hjarte,» er øm og virkelighetsnær, trekker Ingelin Røssland historien lenger: Hva skjer om hjertet ikke bare er sykt, men stopper – helt?»

Alf Kjetil Walgermo kjem også til Falturiltu, både for å besøka ungdomsskuleelevar, og å delta på ein open «Hjartekveld» i Kulturhuset.

Les meir om Ingelin Røssland si bok her: Minus meg.

Og om Alf Kjetil Walgermo si bok her: Mitt bankande hjarte.

 

 

Nynorsk barnebokfestival på Stord