Program 2019

 

FREDAG 1. NOVEMBER

19:00 Stord kulturhus – 430,- – FÅ BILL. ATT!
Eva Weel Skram
xmon_0111

Eva Weel Skram opnar årets Falturiltu! Nyleg slapp Eva sitt første album «Finne Heim» med norske tekstar til strålande mottaking. Ho har fått eit stort og trufast publikum landet over, og me kan lova ein særs stemningsskapande konsertkveld!
KJØP BILLETT


LAURDAG 2. NOVEMBER

11:00 Stord kulturhus
Kakefest og programutdeling i vestibylen under Kinoens dag! 

11:00 Stord kulturhus 
TUNG, LETT, LETT
Utstilling i vestibylen av elevar ved design og handverk på Fitjar VGS. Elevane stiller ut prosjektet dei har jobba med som er basert på festivalforfattar Marit Kaldhol sitt univers.

12:00 Stord bibliotek 
Bok og pølse med Marianne Gretteberg Engedal
xmon_0211

Denne gong er Bok og bolle blitt til Bok og pølse! Sjølvaste Pølsetjuven kjem til Falturiltu laurdag 2. november, og han har stelt alle bollane! Heldigvis finst det pølser i staden for. Forfattardebutant og illustratør Marianne Gretteberg Engedal fortel og teiknar.

12:00 Kvinnherad bibliotek, Husnes
Dyras beste sjekketriks
I denne framsyninga tek Malin Hellebø (programleiar for Dyrevenn på NRK Super) og Camilla Kuhn for seg dei mest utrulege tinga dyra gjer for å skaffa seg ein make.

13:30 Galleri Günther
Opning av årets festivalutstilling
web0211_markhus

Falturiltu har invitert Rune Markhus til å vera årets festivalutstillar! Markhus vil vera til stades på opninga, og det blir musikk ved elevar frå Stord kulturskule. Rune Markhus er utdanna ved Westerdals School of Communication og jobbar som illustratør. Han har motteke fleire prisar for bøker han har illustrert, og står blant anna bak Odd Nordstoga sine bøker om Eg og Pontus, samt omslaga til Anders Totland sine ungdomsbøker.

20:00 Sykkel & Kaffi – 150,-
Småsceneri 
web_0211sma
Småsceneri er eit improteater som har teke Stord med storm! Falturiltu tek turen til Småsceneri med forfattar Ingelin Røssland, Per Olav Kaldestad, og Malin Hellebø og Camilla Kuhn som står bak Dyras beste sjekketriks. NB: Dørene opnar klokka 20, og framsyninga startar klokka 21.
KJØP BILLETT


SUNDAG 3. NOVEMBER

14:00 Stord hestesportsenter på Tyse – 50,-
Stallturiltu
xmon0311b
Visste du at kulefisken sitt sjekketriks er å bygga eit sandslott som kan vera 400 gonger større enn han sjølv? Eller at pingvinar frir med småstein? I denne framsyninga tek Malin Hellebø (programleiar for Dyrevenn på NRK Super) og Camilla Kuhn for seg dei mest utrulege tinga dyra gjer for å skaffa seg ein make. Etter framsyninga blir det hesteoppvisning, hesteskokasting og riding.
KJØP BILLETT

16:00 Valenheimen, Sveio – 150,-
Den tid, den song
xmon_0311

Falturiltu og Valenheimen presenterer ei musikalsk-litterær framsyning med forfattar Siri Økland og organist Sigbjørn Apeland. I si nye diktsamling skriv Siri Økland om dei små observasjonane og vedundera i kvardagen, men ho let også dei store linjene mellom generasjonane tre fram.  I samarbeid med Valestrand bygdalag og Valenheimen.
KJØP BILLETT

17:00 Stord kulturhus – 100,-/50,-
Ho som ror – ei danseframsyning
web_0311hosomror2
Stord kulturskule og Spinae Company stiller med ei flunkande ny danseframsyning. Inspirasjon er henta frå festivalforfattar Marit Kaldhol som opnar denne framsyninga med utdrag frå boka Ho som ror.
KJØP BILLETT


MÅNDAG 4. NOVEMBER

17:00 Print og ramme, Leirvik sentrum – 50,-
Falturilthurra på månen!
web_0411moon
Ta med deg heile familien og kom på månefest på Print og ramme! Neil Armstrong var det første mennesket som besøkte månen for heile 50 år sidan. Kva er det som får folk til å reise til stader der ingen før har vore? Forfattarane Pia Strømstad og Anders Totland fortel om denne og andre ville ekspedisjonar. Det blir servering av månekake frå sjølvaste Magnhilds temakaker, og sci-fi musikk ved Stord kulturskule.
KJØP BILLETT

18:00 Stord kyrkje – 150,-
Den tid, den song
xmon_0311

Falturiltu og Valenheimen presenterer ei musikalsk-litterær framsyning med forfattar Siri Økland og organist Sigbjørn Apeland. I si nye diktsamling skriv Siri Økland om dei små observasjonane og vedundera i kvardagen, men ho let også dei store linjene mellom generasjonane tre fram.  I samarbeid med Stord sokneråd.
KJØP BILLETT

19:00 Måndagsklubben – lukka framsyning
Dyras beste sjekketriks
Malin Hellebø og Camilla Kuhn les for klubben i Stord kulturhus

20:00 Sykkel & Kaffi
Bokbar med barnebokkviss
Framtida.no og Falturiltu inviterer til barnebokkviss med Kviss og Kvass (Svein Olav Langåker og Anna Folkestad)


TYSDAG 5. NOVEMBER

17:00  HVL, Campus Stord – 100,-/50,-
FRØ
web0511_fro
Ei musikalsk og underleg opplevingsløype i krinkar og krokar på Høgskulen på Rommetveit. Studentar og lærarar ved Høgskulen står bak denne unike framsyninga basert på festivalforfattar Marit Kaldhol. Passar for alle, men særskilt dei mellom 5-7 år. Løypa startar i Trappeamfiet.
KJØP BILLETT

17:00 Solid stadion – FULLT!
Ballturiltu
xmon_0411

Supertalentet Olaug Tvedten og keepertrenar på Brann, Dan Riisnes, står for fotballøkta, og forfattar Atle Berge les frå bøkene sine om Birk og Barcelonagjengen. Det blir også fruktfest i fotballstova!

19:00 Sykkel & Kaffi – gratis
Bokbar
Framtida.no inviterer til bokbar med kåring av dei beste nynorske ungdomsbøkene.


ONSDAG 6. NOVEMBER

17:00 Gruvene på Litlabø – 100,-/50,-
Gruvegrøss
web0611_gruve
Forfattar Tor Arve Røssland formidlar frå den grøssande boka Svarte-Mathilda inne i gruvene. Venelaget for Gruo og Sunnhordland museum losar oss trygt inn i dei mørke gruvegangane på Litlabø. Høver for alle frå 10 år.

Svarte-Mathilda handlar om fjorten år gamle Elisabeth som flytter inn i ei ny leilegheit saman med mor si. Dei flyttar til ein forstad til Bergen. Storebror til Elisabeth er akkurat blitt drepen i ein brann, og foreldra har skilt lag. Elisabeth merker med ein gong dei kjem inn i leilegheita at noko er gale. Det er nokon ubeskriveleg ekkelt der inne. Det heng ein gamal spegel på badet som gjer henne frysingar nedover ryggen.
KJØP BILLETT

18:00 Stord bibliotek – 100,-
Marit Eikemo om Hardanger
xmon_0611

Novellene i «Hardanger» handlar om å reise bort og om å komme heim, og om å alltid bere med seg staden ein kjem ifrå. Eikemo skriv om det innforståtte og unike i det lokale og om det alle kan kjenne seg att i: fellesskap, vennskap og kjærleik og ambivalensen i relasjonane mellom menneske. Stord folkebibliotek i samarbeid med Norsk forfattersentrum og Falturiltu
KJØP BILLETT

18:00 Kvinnherad ungdomssenter
Forfattarmøte: Terje Torkildsen

19:15 Onsdagsklubben – lukka framsyning
Marit Kaldhol
Forfattar les for klubben i Stord kulturhus

19:30 Sykkel & Kaffi
Ingelin Røssland og Rune Belsvik
web_0611_samlaget
Samlaget inviterer til samtale med opplesing frå desse to forfattarane sine siste bøker. Ingelin Røssland kom nyleg ut med OMG, og Rune Belsvik lanserer boka si Fugleguten. Dette blir eit møte mellom to ungdomsromansuperstjerner frå to ulike generasjonar!


TORSDAG 7. NOVEMBER

10:30-15:30 Høgskulen på Vestlandet, Campus Stord – 495,-
Falturiltuseminaret 2019
xmon_0711b

Er sjangeren «ungdomsbok» eigentleg for ungdom, eller undervurderer den målgruppa?
Gjester og innleiarar i år er: Nina Aalstad (tidlegare redaktør for U-bok), Bjarte Bakken (Uprisen/ Foreningen !Les), Elen Betanzo (forlagsredaktør og forfattar), Hanna Bovim Bugge (Leser søker bok), Marit Kaldhol (festivalforfattar), Berit Rokne (rektor Høgskulen på Vestlandet), Svein Slettan (førsteamanuensis UiA), A. Audhild Solberg (forfattar), Terje Torkildsen (forfattar) og Eivor Vindenes (Leser søker bok). Lunsj er inkludert i prisen.
PÅMELDING INNAN 20. OKTOBER

10:45 Stord kulturhus, vestibylen
Den kulturelle spaserstokken
Med Rune Belsvik og Stord kulturskule

13:00 Stord VGS
Bokband: Marit Kaldhol
Elevar ved musikklina på Stord vidaregåande skule stiller med bokband og bokbad av festivalforfattar Marit Kaldhol

17:00 Sævarhagsvikjo – 50,-
Skumring
web0711_kolera
Forfattar A. Audhild Solberg fortel om Den svartkledde jenta. Kle deg etter véret og møt opp ved kaien i Sævarhagsvikjo. Elevar frå Stord kulturskule opptrer med skumringsdans og andre kunstneriske innslag. Høver for dei frå 10 år.
KJØP BILLETT

19:00 Harri fritidsklubb, Kårevikjo
Forfattarmøte: Terje Torkildsen

19:00 Haugesund bibliotek – 150,-
Øyobiblioteket
Samtidsaktuelle tema frå nynorsk røyndom. Meir informasjon om program og billettlenke kjem seinare

19:30 SKL-bygget, Leirvik sentrum – UTSELD!
Bokprat med bokmat
xmon_0711

Stord mållag og Falturiltu inviterer to forfattarar, ein skodespelar og ein kokk til ein matlitterær kveld. Først ut er Klassikartimen med Rune Belsvik og Helge Jordal der dei pratar om «Ingen drittunge lenger». Etter dette blir det boksamtale med Ragnar Hovland. Det blir servering av sushi og fingermat av  (inkludert i billetten).

Klassikartimen: Rune Belsvik debuterte i 1979 med ungdomsromanen Ingen drittunge lenger, som han fekk Nynorsk barnelitteraturpris for. Foreldre protesterte då boka gjekk som opplesingsserie i «Tid for bok» i NRK. Opplesar var ingen ringare enn skodespelarlegenda Helge Jordal. Her møtest Jordal og Belsvik , 40 år etter, for å samtale om boka.


FREDAG 8. NOVEMBER

12:00 Bokbåten EPOS, Leirvik kai – FULLT!
Det magiske skrinet
Nina Næsheim fortel og syng frå det magiske skrinet ombord på EPOS.

20:00 Arena scene – 370,-
Hovland og Tomrens popleksikon
xmon_0811

Det ligg an til ein spektakulær kveld på Arena scene når to av våre mest særprega personlegdomar i kvar sin sjanger inviterer til ein svært personleg gjennomgang av høgdepunkt frå pop og rockhistorien. Tidlegare har dei fylt Cornerteateret to gonger på rad, og fekk overstrøymande tilbakemeldingar!
KJØP BILLETT



PROGRAM MED SKULEBESØK
Alle arrangementa er opne med mindre det står lukka framsyning


MÅNDAG 4. NOVEMBER

09:00 Sagvåg skule
Forfattarmøte med Hildegunn Bjelland
Hildegunn Bjelland formidlar frå boka Klara og konkylien
1. trinn

09:30, 11:00 og 12:30 Stord kulturhus, scena i storsalen (inngang nede)
Dyras beste sjekketriks
Visste du at kulefisken sitt sjekketriks er å bygga eit sandslott som kan vera 400 gonger større enn han sjølv? Eller at pingvinar frir med småstein? I denne framsyninga tek Malin Hellebø (programleiar for Dyrevenn på NRK Super) og Camilla Kuhn for seg dei mest utrulege tinga dyra gjer for å skaffa seg ein make.
09:30 Rommetveit og Hystad (5. trinn)
11:00 Langeland, Sagvåg og Litlabø (5. trinn)
12:30 Leirvik og Tjødnalio (5. trinn)

09:00 og 10:00 Galleri Günther
Festivalutstillar Rune Markhus
Omvising i festivalutstillinga
09:00 Leirvik skule (A-klassen, 4. trinn)
10:00 Langeland skule (A-klassen, 4. trinn)

10:00 Nordbygdo US
SPRUT! 
Ei spektakulær reise gjennom blod, sveitte og tårer! Åsmund Eikenes presenterer historia om kroppsvæskene våre. (for 10. trinn)

10:00 Skånevik bibliotek
Pølsetjuven
Marianne Gretteberg Engedal for 2. og 3. trinn

10:30 Stord US
2 forfattarar + 1 band
Elevane ved Stord ungdomsskule tek regien på eige bokbad med Marit Kaldhol og Anders Totland. I samarbeid med Bokåret 2019 og Framtida.no

10:30 Litlabø skule
Forfattarmøte med Hildegunn Bjelland
Hildegunn Bjelland formidlar frå boka Klara og konkylien
1. trinn

11:00 Galleri Günther
Festivalutstillar Rune Markhus
Verkstad. Besøk frå Design og handverkslina ved Fitjar vidaregåande skule

12:15 Tjødnalio skule
Forfattarmøte med Hildegunn Bjelland
Hildegunn Bjelland formidlar frå boka Klara og konkylien
1. trinn

12:30 Nysæter US
2 forfattarar + 1 band
Elevane ved Nysæter ungdomsskule tek regien på eige bokbad med Marit Kaldhol og Anders Totland. I samarbeid med Bokåret 2019 og Framtida.no

12:00 og 12:50 Etne bibliotek
Pølsetjuven
Marianne Gretteberg Engedal for 2. og 3. trinn

12:40 Fitjar kulturhus for Fitjar VGS
SPRUT! 
Ei spektakulær reise gjennom blod, sveitte og tårer! Åsmund Eikenes presenterer historia om kroppsvæskene våre.


TYSDAG 5. NOVEMBER

09:00, 10:15 og 11:15 Stord kulturhus, scena i storsalen (inngang nede)
Dyras beste sjekketriks
Visste du at kulefisken sitt sjekketriks er å bygga eit sandslott som kan vera 400 gonger større enn han sjølv? Eller at pingvinar frir med småstein? I denne framsyninga tek Malin Hellebø (programleiar for Dyrevenn på NRK Super) og Camilla Kuhn for seg dei mest utrulege tinga dyra gjer for å skaffa seg ein make.
09:00 Rommetveit, Litlabø og Sagvåg (6. trinn)
10:15 Hystad og Langeland (6. trinn)
11:15 Leirvik og Tjødnalio (6. trinn)

09:00 Rommetveit skule
Frykt, mot og ville ekspedisjonar
Forfattarmøte med Pia Strømstad
3. trinn

09:00, 10:30 og 12:30 Nordbygdo US
2 forfattarar og 1 band
Elevane ved 9. trinnet på Nordbygdo US tek regien på eige bokbad med Marit Kaldhol og Anders Totland.
09:00 9. trinn
10:30 8. trinn
12:30 10. trinn

09:15 Sagvåg skule
Pølsetjuven
Forfattarmøte med Marianne Gretteberg Engedal
3. trinn

09:30 og 10:45 Galleri Günther
Festivalutstillar Rune Markhus
Omvising i festivalutstillinga
09:30 Rommetveit skule (4. trinn)
10:45 Langeland skule (B- og C-klassen, 4. trinn)

10:30 og 12:00 Kværner industrimuseum
Puslingar
Forfattar og journalist Atle Berge har skrive om ei av dei verste ulukkene i Noregs historie: Alexander L. Kielland-plattformen som velta i Nordsjøen våren 1980. I samarbeid med Kværner og Sunnhordland museum.
10:30 Fitjar VGS
12:00 Stord VGS (TIP)

10:30 Hystad skule
Frykt, mot og ville ekspedisjonar
Forfattarmøte med Pia Strømstad
3. trinn

10:30 Litlabø skule
Pølsetjuven
Forfattarmøte med Marianne Gretteberg Engedal
3. trinn

12:00 Tjødnalio skule
Pølsetjuven
Forfattarmøte med Marianne Gretteberg Engedal
3. trinn


ONSDAG 6. NOVEMBER

09:00 og 11:00 HVL, Trappeamfiet
FRØ
Ei musikalsk opplevingsløype gjennom dei hemmelege romma på Høgskulen på Rommetveit. Laga av studentar og lærarar ved barnehagelærarutdanninga.
09:00 Rommetveit og Hystad skule
11:00 Barnehagar

09:00 og 10:15 Langeland skule
Frykt, mot og ville ekspedisjonar
Forfattarmøte med Pia Strømstad
09:00 A. klassen (3. trinn)
10:15 B. & C. klassane (3. trinn)

09:00 Øvrebygda skule, Fitjar
Dyras beste sjekketriks
I denne framsyninga tek Malin Hellebø (programleiar for Dyrevenn på NRK Super) og Camilla Kuhn for seg dei mest utrulege tinga dyra gjer for å skaffa seg ein make. (For 4.-7. trinn)

09:30 Rimbareid ungdomsskule, Fitjar
Ungdomsbokbad: Ingelin og Terje
Ingelin Røssland og Terje Torkildsen. I samarbeid med Bokåret 2019 og Framtida.no

09:30, 11:00 og 12:30 Galleri Günther
Festivalutstillar Rune Markhus
Omvising i festivalutstillinga
09:30 Tjødnalio skule (4. trinn)
11:00 Hystad skule (4. trinn)
12:30 Leirvik skule (B- og C-klassen, 4. trinn)

10:35 Rimbareid skule, Fitjar
Dyras beste sjekketriks
I denne framsyninga tek Malin Hellebø (programleiar for Dyrevenn på NRK Super) og Camilla Kuhn for seg dei mest utrulege tinga dyra gjer for å skaffa seg ein make. (For 4. trinn)

11:00 Gruvemuseet på Litlabø
Forfattarmøte i Gruo
Med Sunnhordland museum, Venelaget for Gruo (Litlabø kisgruver) og Tor Arve Røssland. Besøk 4. trinn frå Sagvåg skule

12:15 Stord bibliotek
Frykt, mot og ville ekspedisjonar
Forfattarmøte med Pia Strømstad
3. trinn Leirvik skule

12:30 Gruvemuseet på Litlabø
Forfattarmøte i Gruo
Med Sunnhordland museum, Venelaget for Gruo (Litlabø kisgruver) og Tor Arve Røssland. Besøk 4. trinn frå Litlabø skule

12:30 Tysnes skule
Ungdomsbokbad: OMG og Stavanger Stories
Ingelin Røssland og Terje Torkildsen. I samarbeid med Bokåret 2019 og Framtida.no


TORSDAG 7. NOVEMBER

Skuleprogram på Karmøy med Marianne Gretteberg Engedal og Pia Strømstad


FREDAG 8. NOVEMBER

10:00 Langeland skule
Forfattarmøte med Rune Belsvik
1. trinn

11:15 Leirvik skule
Forfattarmøte med Rune Belsvik
1. trinn

 

Nynorsk barnebokfestival på Stord