Kunstutstillinga: Stord vgs, formgjevingslinja
Bok- og fotballfest!
Falturiltu og Stord Fotball inviterer alle fotballglade born til fest på Vikahaugane, tysdag 8. november kl 18. Lars Mæhle (forfattaren bak "Keeper'n til Liverpool") og Atle Berge vil lesa frå bøkene sine om Knoterud FK og Barcelona-gjengen, det blir saft og kake i foajeen, og fotballaktivitetar (med fine bokpremiar!) på kunstgraset. Alt dette for kr 50,-.
obs! Bindande påmelding til Roald Kaldestad (tlf: 954 60 749 / epost: kaldestad@hotmail.com) innan 1. november.
Rockar på norsk
Denne veka var Nam Nguyen frå Fjorden Baby! i Kunsthallen på Kulturhuset og heldt låtskrivarkurs for unge rockeband, blant andre 4Adamas og Abzurd.
- Dette var veldig kjekt, seier ungdomane, og Nam var svært nøgd med dei unge låtskrivarane. Dei nye låtane vil bli framførde på ein eigen rockekonsert på ungdomsklubben på Litlabø under Falturiltu.
Bankande hjarte
Festivalforfattaren vår, Ingelin Røssland, får flott omtale i Dagbladet for si nye bok "Minus meg"
Meldaren skriv: "To av årets ungdomsromaner handler om jenter som trenger nytt hjerte, bokstavelig talt. Mens Alf Kjetil Walgermos bok, «Mitt bankande hjarte,» er øm og virkelighetsnær, trekker Ingelin Røssland historien lenger: Hva skjer om hjertet ikke bare er sykt, men stopper - helt?"
Alf Kjetil Walgermo kjem også til Falturiltu, både for å besøka ungdomsskuleelevar, og å delta på ein open "Hjartekveld" i Kulturhuset.
Les meir om Ingelin Røssland si bok her: Minus meg.
Og om Alf Kjetil Walgermo si bok her: Mitt bankande hjarte.
Falturiltu fyller fem år
Måndag 26. september vart programmet for Falturiltu 2011 presentert.
Dette er den femte festivalen i rekkja og me feirar det saman med barnebokklubben Blåmann som også har jubileum i år.
Programmet er variert og innhaldsrikt og spenner frå trøystekveld til rockekonsert.
Heile programmet finn du her: Program
Ingelin Røssland er festivalforfattar og tema for festivalen er "Tøff i trynet". Det er også tema for seminaret på Høgskulen Stord/Haugesund 11. november.
Sunnhordland på pressekonferansen. Her er noko av det dei skreiv:
Du kan også lesa om femårsjubileet vårt i LnkNytt.





