2. – 9. november 2024
Profilfoto Linda Eide av Tore Zakariassen.

Linda Eide

Les meir

Profilfoto Sjur Hjeltnes av Hanne Cathrin Olsen.

Sjur Hjeltnes

Les meir

Portrett Anja Dahle Øverbye av fotograf Thomas Ekstrøm

Anja Dahle Øverbye

Les meir

Tilbake

Per Olav Kaldestad

Festivalforfattar 2017
Sonettar, frie vers eller gjendikting, skjønnlitteratur, essays eller barnebøker – Per Olav Kaldestad har meistra det meste i sitt forfattarvirke.

Kaldestad debuterte med diktsamlinga Kikkert i 1973, og har sidan den gong utmerka seg som ei særs mangfaldig, produktiv og dyktig stemme innanfor samtidslitteraturen. For boka Sola klappar meg fekk Kaldestad den europeiske barnebokprisen Pier Paolo Vergetio. I 1997 mottok han Samlagsprisen, og i 2001 fekk han Askeladdprisen for sin forfattarskap og for arbeidet med Årboka for barne- og ungdomslitteratur.

Mange av tekstane til Kaldestad er tonesett av artistar som Vamp, Aftenlandet, Kenneth Sivertsen, Atle Hansen og Annlaug Børsheim.