Program 2015

Stord kulturhus, vestibylen: utstilling laga av elevar ved Fitjar vidaregåande skule, VG1, design og handverk. Utstillinga heng heile veka.

Sundag 1. november

14.30-15.30: Knall- og fallturiltu. Demonstrasjon av parkour og dans i gata mellom Liverødbygget og Stord kulturhus.

16.00: Fargefest. Stord kulturhus, kinosalen. Opning ved festivalforfattar Maria Parr. Fargespill med førestillinga Fargefest. Bill. 260,- / Familie (4+) 210,-.  Kjøp billett på nett! (PS! Familiebillett må kjøpast i Stord kulturhus)

Måndag 2. november

08.30-14.00: Skulebesøk. Atle Hansen: Gruvene på Litlabø, 10.00, 11.00 og 12.00. Berit Rødstøl: Rommetveit skule, 09.00. Leirvik skule,10.30. Bill. 30,-

11:00: Utstillingsopning – Fart og sjølvtillit. Stord kulturhus, kunsthallen. Maria Parr og varaordførar Jakob Bjelland opnar utstilling laga av sjetteklassingar i Stordskulen, inspirert av Parr sine bøker. Utstillinga står heile veka.

12.00 Utstillingsopning – Hjartet raknar, huset står. Galleri Giga. Hans Sande har laga hus på nye måtar. Utstillinga står ut veke 46.

18.00: Eventyr og tur(iltu). Sunnhordland museum/Vidsteenparken. Lommelyktløype  i regi av Barnas Turlag. Maria Parr les eventyr i Museumshallen.  Bill. 30,-

19.00: Måndagsklubben, Stord kulturhus.  Berit Rødstøl les for medlemmene.

Tysdag 3. november

08.30-14.00: Skulebesøk. Maria Parr: Fitjar bibliotek,10.00. Roald Kaldestad: Stord kulturhus, småsalen, 10.00 og 11.00. Bill. 30,-

14.30: Skulpturverkstad i Galleri Giga. Hans Sande og visuellkunstgruppa i Stord kulturskule.

16.00: Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen. Knutsaåsen eldresenter. Bli med Trio Vest og forfattar Ingunn Røyset sytti år tilbake i tid, til ein hemmeleg huskonsert med musikk frå 1940-talet og tekstar frå Røyset sine barnebøker Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen og Aldri fred å få.  (I samarbeid med Den kulturelle spaserstokken)

17.00: Alice i eventyrland – 150 år. Bursdagsfest, Stord kulturhus. Kunsthallen. Johanne Øvstebø Tvedten med forteljeteater og bilde.  Bente Bratlund les. Kaker, saft og kaffi. Bill. 30,-

18.00: Parr og popcorn. Stord kulturhus, Småsalen. NRK-serien Vaffelhjarte blir vist. Maria Parr innleier. Bill. 50,-. Kjøp billett på nett!

Onsdag 4. november

08.30-14.00: Skulebesøk. Sissel Horndal: Langeland, 08.30, Tjødnalio, 10.30. Martine Grande: Litlabø, 09.15, Sagvåg, 10.30, Rommetveit, 12.20. Bill. 30,-

09.00-10.30: 3 forfattarar og 1 band. Stord ungdomsskule. Rune Belsvik, Bente Bratlund og Tor Arve Røssland les og blir intervjua av ungdomsskuleelevene sjølv. Musikalske innslag. Bill. 30,-

10.00 og 11.00: Fart og sjølvtillit.  Temadag på Sunnhordland museum. Maria Parr les. Kristian Lunde fortel om fantastrekar på Vikjo i gamle dagar. Kassabilentusiast og – konstruktør Paul Venaas lagar kassabilløp. Bill. 30,-

10.30: Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen. Kvinnherad bibliotek. Bli med Trio Vest og forfattar Ingunn Røyset sytti år tilbake i tid, til ein hemmeleg huskonsert med musikk frå 1940-talet og tekstar frå Røyset sine barnebøker Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen og Aldri fred å få. (for barn)

11.00-19.00: Lukka koblarseminar i  Galleri Giga. Forfattarane Agnes Ravatn og Eli Fossdal Vaage møter illustratørane Ingunn Dybendal og Stine Belden Røed for å laga nye biletbøker. Redaktør Svein Størksen og forfattar Per Olav Kaldestad leier seminaret.

11.35-13.00: 3 forfattarar og 1 band. Nysæter ungdomsskule. Rune Belsvik, Bente Bratlund og Tor Arve Røssland les og blir intervjua av ungdomsskuleelevane sjølv. Musikalske innslag. Bill. 30,-

18.00: Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen. Fitjar folkebibliotek. Bli med Trio Vest og forfattar Ingunn Røyset sytti år tilbake i tid, til ein hemmeleg huskonsert med musikk frå 1940-talet og tekstar frå Røyset sine barnebøker Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen og Aldri fred å få. (I samarbeid med Den kulturelle spaserstokken)

18.30: Tonje Glimmerdal. Høgskulen Stord/Haugesund, Rommetveit, Aulaen. Ein musikal med utgangspunkt i Maria Parr si bok. Bearbeidd og komponert av studentar ved HSH. Bill. Barn/studentar 50,- / Vaksne 100,

19.00: Sigvart Dagsland. Stord kyrkje. Maria Parr innleier. Samarbeid mellom Falturiltu og Stord sokneråd. Bill. 250,- . Kjøp på nett!

19.30: Onsdagsklubben, Stord kulturhus.  Sissel Horndal les for medlemmene.

Torsdag 5. november

08.30-14.00: Skulebesøk. Anna R. Folkestad: HSH, biblioteket, 09.00. Stord folkebibliotek avd. Litlabø, 10.30 og 11.30. Martine Grande: Ås Barnehage, 09.30, Sæ barnehage, 10.30. Vegard Markhus: Stord folkebibliotek, 10.00, 11.00 og 12.00. Bill 30,- Bente Bratlund: Fitjar folkebibliotek, 12.00.

09,00, 10.00 og 11.00: Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen. Stord kulturhus, kunsthallen. Bli med Trio Vest og forfattar Ingunn Røyset sytti år tilbake i tid, til ein hemmeleg huskonsert med musikk frå 1940-talet og tekstar frå Røyset sine barnebøker Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen og Aldri fred å få. (Leirvik, Langeland og Hystad skule. 5. klasse) Bill. 30,-

09.00-10.30: 3 forfattarar og 1 band.  Nordbygdo ungdomsskule.  Rune Belsvik, Bente Bratlund og Tor Arve Røssland les og blir intervjua av ungdomsskuleelevane sjølv. Musikalske innslag. Bill. 30,-

09.00-15.00: Fagleg seminar på HSH, Høgskulen Stord/Haugesund, Store auditiorium. Tema: Fart og sjølvtillit! Maria Parr, Øystein Espe Bae, Rune Belsvik og Hans Sande,. Seminarleiar: Per Olav Kaldestad. Fullt program og påmelding her!

10.00 og 12.30: Tonje Glimmerdal. Høgskulen Stord/Haugesund, Rommetveit, Aulaen. Ein musikal med utgangspunkt i Maria Parr sine tekstar. Bearbeidd og komponert av studentar ved HSH. Bill. Barn/studentar  50,- / Vaksne 100,-

11.00-19.00: Lukka koblarseminar i  Galleri Giga. Forfattarane Agnes Ravatn og Eli Fossdal Vaage møter illustratørane Ingunn Dybendal og Stine Belden Røed for å laga nye biletbøker. Redaktør Svein Størksen og forfattar Per Olav Kaldestad leier seminaret.

18:00: Kulturskulekonsert, Stord kulturhus, kinosalen. Enkeltelevar og grupper frå teater, dans og musikk. Det vil mellom anna bli presentert tekstar av festivalforfattaren. Hans Sande les. Barn 50,- / Vaksne 100,-. Kjøp på nett!

19.30  Ragnar Hovland og romandebutant Synnøve Macody Lund. Sunnhordland museum. Vaksenbokkveld i regi av Stord mållag. Bill. 100,-. Kjøp på nett!

Fredag 6. november

09.00-13.00: Seminar om litteraturformidling for ungdom. Stord kulturhus, småsalen.  Fullt program og påmelding her!

09.00-14.00: Lukka koblarseminar i  Galleri GigaForfattarane Agnes Ravatn og Eli Fossdal Vaage møter illustratørane Ingunn Dybendal og Stine Belden Røed for å laga nye biletbøker. Redaktør Svein Størksen og forfattar Per Olav Kaldestad leier seminaret.

10.00: Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen. Fitjar folkebibliotek. Bli med Trio Vest og forfattar Ingunn Røyset sytti år tilbake i tid, til ein hemmeleg huskonsert med musikk frå 1940-talet og tekster frå Røyset sine barnebøker Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen og Aldri fred å få. (for barn)

15.30: Barneprogram med Odd Nordstoga. Bokbåten Epos. Leirvik kai. Obs! Få billettar.

20:00: Arena. Odd Nordstoga med band. Vinnaren av Sunnhordlandslåten 2015 varmar opp. (Obs! Dørene opnar kl 19) Bill. 350,- Kjøp på nett!

Laurdag 7. november

11.00: Hockeysveis fører til dårlige rim. Bokbåten Epos, Huglo.  Møte med Siv Wyller. Frå 5 år.

11.00: Vampyrar og varme bollar. Peder Bakar. Kapabel forlag presenterer debutant Anders Totland og Ingvild Sjo.