Program 2014

OBS! Stord kulturhus, vrimlearealet: Utstilling laga av elevar ved Fitjar vidaregåande skule, VG1 design og handverk. Utstillinga Fotoriltu av åtte medlemmer i Stord fotoklubb. Utstillingane er inspirerte av årets falturiltutema, Fantasi og fanteri, og begge heng heile veka.

Sundag 2. november

13.00-14.30: Stallturiltu, Stord hestesportsenter på Tyse. Lene Kaaberbøl og Kristine Tofte i samtale om Sølvhest-trilogien. Hesteaktivitetar for ungar. Billett: Barn 100 kr / Vaksne 150 kr. Kjøp billett på nett.

17.00-18.15 Falturiltufest, Stord kulturhus, kinosalen. Opning av Falturiltu. Konsert med Tønes. Kristine Tofte møter den danske fantasydronninga Lene Kaaberbøl. Stord Danseensemble dansar. Stordøya kvedarlag syng. Vinnaren av Sunnhordlandslåten 2014 blir kåra. Barn 100 kr / Vaksne 200 kr / Familie 500 kr. Kjøp billett på nett.

Måndag 3. november

08.30-14.00: Skulebesøk. Stord vidaregåande skule, kl 9: Per Jan Ingebrigtsen. Tjødnalio skule, kl 11. Sagvåg skule, kl 12: Gyrid Axe Øvsteng. 30 kr

11:00: Fantasi og fanteri!  Stord kulturhus, kunsthallen. Ordførar Liv Kari Eskeland opnar utstilling laga av sjetteklassingar i Stordskulen. Utstillinga er inspirert av boka Skammarens dotter av Lene Kaaberbøl.

18.30: Måndagsklubben, Stord kulturhus.  For medlemmane. Gyrid Axe Øvsteng les.

Tysdag 4. november

08.30-14.00: Skulebesøk. Rommetveit skule, kl 8.45. Langeland skule, kl 10.45: Gyrid Axe Øvsteng. Nysæter ungdomsskule,, kl 8.30, 9.30 og 10.00: Linn T. Sunne. Rimbareid skule, kl 13.00: Tor Arve Røssland. 30 kr

8.45, 9.45 og 13.15: Drakeguten, Stord folkebibliotek. Asbjørn Rydland les. 30 kr

10.30 og 11.30: OFFER, Stord kulturhus, Kunsthallen. Per Jan Ingebrigsten les frå den nye ungdomsboka si,  Offer. Stord ungdomsskule. 30 kr

12.00: Bok & beibi, Kringla konditori. Gyrid Axe Øvsteng les Førstemamma på Mars. Bokkafé for dei yngste. 30 kr

17.30: Bollemaskin og Englatroll, Stord kulturhus, Kunsthallen. Ingvild Sjo og Janne Nerheim les frå dei nye bøkene sine. Silvia Karlsen teiknar med barna. Peder Bakar (Slettebø) stiller med bollar. Frå 4 år. 30 kr 

Onsdag 5. november

08.30-14.00: Skulebesøk. Stord ungdomsskule, kl 8.30 og 13.00: Terje Torkildsen, Nysæter ungdomsskule, kl 8.30, 9.15 og 10.00: Arnt Birkedal, Stord ungdomsskule, kl 12.30: Atle Hansen. 30 kr

09.30-15.00: Seminar – Leseglede og lærelyst med nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Stord kulturhus. Innleiarar: Janne Karin Støylen (lesegledar og formidlar ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæring), Ragnfrid Trohaug (forfattar og fungerande forlagssjef i Samlaget), Terje Torkildsen (forfattar), Trude Hoel (universitetslektor, Lesesenteret), Anne-Stefi Teigland (litteraturformidlar).

Seminaret vil ha ein fellesdel og ein del med parallelle sesjonar – ein med program retta mot barnehage/småskulen, og ein mot ungdomsskule/vidaregåande skule.

Pris: kr 250,- inkl lunsj. Påmeldingsfrist: 20.oktober.

For meir informasjon: Svein Olav B. Langåker, Redaktør/prosjektleiar for Framtida.no, 94875365
svein.langaker@startsiden.no

09.00, 10.00 og 11.00: Fantasi og fanteri.Temadag på Sunnhordland museum.  Atle Hansen les frå Ulvestova. Kristian Lunde fortel om fantaskap på Vikjo i gamle dagar. Johanne Øvstebø Tvedten fortel om fanteri i folkeeventyra. 30 kr

10.00 og 11.00 Talturiltu. Bok- og mattefest på Nordbygdo ungdomsskule. Arild Stubhaug presenterer boka Skjulte kodar. Niels Henrik Abel – Ein biografi. Andreas Christiansen, høgskulelektor i matematikk ved Høgskulen Stord/Haugesund følger opp med ei praktisk matteøkt. 30 kr

12.15: Musikklunsj, HSH Rommetveit, kantina. Musikkstudentar ved Høgskulen Stord/Haugesund framfører nye melodiar til tekstar av Stein Versto. Opplesing ved Per Olav Kaldestad. Gratis

16.45: Ballturiltu. Bok- og fotballfest på Vikahaugane. Fotballegenda Erik Solér leier ei fotballøkt på kunstgrasbanen. Forfattar Ragnfrid Trohaug les. Kaker, saft og flotte bokpremiar! Barn 100 kr / Vaksne 150 kr. Kjøp billett på nett.

18.30: Skammarens dotter. Høgskulen Stord/Haugesund, Rommetveit, Aulaen. Ein opera med utgangspunkt i boka av Lene Kaaberbøl. Bearbeidd og komponert av studentar på HSH. 50 kr

19.30: Onsdagsklubben, Stord kulturhus.  For medlemmene. Terje Torkildsen les

20.00: vaage@sunnhordland.museum. Vaksenbokkveld i regi av Stord mållag. Debutanten Eli Fossdal Vaage les frå diktboka Hekla myter. Lars Amund Vaage les frå diktboka Den raude staden og Hanne Bramness les frå barnediktboka Vintersong. Vinnaren av handarbeidstevlinga vår blir kåra. Medlemmer i Stord mållag: 50 kr / Ikkje-medlemmer 100kr

Torsdag 6. november

 08.30-14.00: Skulebesøk. Rimbareid skule, kl 8.45 og 9.45: Lars Mæhle. 30 kr

09.00-15.00: Seminar – Fantasi og fanteri. Høgskulen Stord/Haugesund, Rommetveit.  Om fantasy og fantastikk. Innleiarar: Forfattarane Erna Osland, Tor Arve Røssland, Mari Moen Holsve og Lars Mæhle. Seminarleiar: Per Olav Kaldestad. Pris: kr 250,- inkl lunsj. Påmelding.

10.30 og 11:30: Song for Eirabu, Stord kulturhus, Kunsthallen. Kristine Tofte les og Trio Vest spelar. 30 kr

13.00: Skammarens dotter. Høgskulen Stord/Haugesund, Rommetveit, Aulaen. Ein opera med utgangspunkt i boka av Lene Kaaberbøl. Bearbeidd og komponert av studentar på HSH. 50 kr

18:00: Måneskinnssoldaten, Stord kulturhus; kinosalen. Ei nynorsk fantasyforteljing  av og med elevar i Stord kulturskule. Drama/dans/musikk. Barn 50kr / Vaksne 100kr. Kjøp billett på nett.

Fredag 7. november

09.30: Englatrollet, Litlabø og Sagvåg samfunnshus, Stord folkebibliotek.  Janne Nerheim les. 30 kr

10.00 og 12.00: Englatrollet, Stord kulturhus, Kunsthallen.  Janne Nerheim les. 30 kr

16.30-17.15 Linda Eide presenterer Oppdrag Mottro – jakta på gamle dagar. Knutsaåsen eldresenter.  

20:00-21.15: Linda Eide og Finn-Erix (m/ hemmelege gjester). Arena.  Den allsidige journalisten og forfattaren Linda Eide har vunne både journalistprisar, språkprisar og sykkelprisar. I 2012 mottok ho Gullruten for beste kvinnelege programleiar, og dei siste åra har ho vore land og strand rundt på jakt etter ukjende attraksjonar og har truffe blink med tv-serien Norsk attraksjon som hadde over ein million sjåarar i snitt vinteren 2012. Boka Oppdrag Mottro – jakta på gamle dagar, kom hausten 2012, til strålande mottaking.  I følge Linda Eide er den eit personleg forsøk på å forstå både gamle dagar og si eiga mor, samt seg sjølv. Finn–Erix er blant landets mest spesielle populærorkester, mykje på grunn av besetninga – stoveorgel m/rytmeboks, fagott og vokal. Finn Tokvam, song og rytmeegg, Odd-Erik Lothe, stoveorgel, Halvor Folgerø, fagott. Kl 20 (Dørene opnar kl 19) 350 kr. Kjøp billett på nett.