Program 2010

Falturiltu 2010

Måndag 8. november

10:00: Utdeling av Falturiltuprisen 2010 til Hans Sande

Utstillingsopning og offisiell opning av festivalen i Kunsthallen i Kulturhuset. Ordførar Liv Kari Eskeland, opnar festivalen og utstillinga. Førsteklassane ved Leirvik skule har teikna til tekstar av forfattaren, og stiller ut kunstverka sine i vestibylen. Kulturinnslag: Småkvedarane.

12:00: Høgtlesingsstund i barnehagar

Stord mållag deler ut bokgåve til barnehagane i Stord kommune.

18:00: Forteljekveld

I Ådlandsstova på Sunnhordland museum med Hans Sande, elevar ved kulturskulen framfører eigenkomponerte songar og melodiar.

Tysdag 9. november

09.00 og 10.00

Sylvelin Vatle les frå Ramnafloke for 5 kl på Leirvik skule på Sunnhordland museum.

09.30 og 11.30:

Atle Hansen les på Sagvåg og Litlabø skule for 6.klassane.

10:00: Lesestund og bildevandring

HSH-studentar inviterer førsteklassingar til høgtlesing og vandring i utstillingsrom på Rommetveit

12:15: Musikkspelet ”Slangen i graset”

Spelet er basert på boka med same namn av Hans Sande, og vert spela av ungar frå Rommetveit skule saman med studentar frå HSH, i Aulaen på Rommetveit.

13:00: Utstillingsopning – illustrasjon

Kunst og handverksstudentar ved HSH har laga illustrasjonar til ei ny, upublisert bok av Hans Sande, og stiller ut bileta sine i vrimlearealet på HSH Rommetveit. Opplesing ved Hans Sande.

18:00:             Musikkspelet ”Slangen i graset”

Spelet er basert på boka med same namn av Hans Sande, og vert spela av ungar frå Rommetveit skule saman med studentar frå HSH, i Aulaen på Rommetveit.

Onsdag 10. november

08.30-14.00: Rappeverkstad

Runar Gudnasson, alias Torstein Hyl frå Side Brok held rappeverkstad for 20 utvalde tiandeklassingar. Dei får læra om tekstskaping og rytmebruk, og framfører eigenskapt rap for medelevar torsdagen.

08.30-14.00

Musikkspelet ”Slangen i graset” er på skuleturné og skuleopplesing

09.00 og 10.15

Per Olav Kaldestad. Litlabø samfunnshus – biblioteket , 1-3 klasse Sagvåg og Litlabø.

09.00, 11.15, 12.30 og 13.15

Marit Kaldhol les på Nordbygdo ungdomsskule.

10:00:             Lesestund og bildevandring

HSH-studentar inviterer førsteklassingar til høgtlesing og vandring i utstillingsrom på Rommetveit

10.30 og 11.30

Marita Liabø les på Langeland for 6 klasse.

12:15:             Musikklunsj på HSH Rommetveit

Musikkstudentar framfører sjølvkomponerte melodiar til dikt av Hans Sande. Per Olav Kaldestad les.

15:30 og 16.15:             Seniorprogram

Hans Sande les til musikk på Stord Sjukeheim.

18:00:             Framsyning

Av elevar frå Kulturskulen i Kulturhuset, kunsthallen: Song, musikk, drama. Opplesing ved Hans Sande.

18:00:             Forteljekveld

I Ådlandsstova på Sunnhordland museum med Per Olav Kaldestad, småkvedarane syng ”fuglesongar”.

19:30:             Onsdagsklubben

Hans Sande les for deltakarane på fritidsklubben for psykisk utviklingshemma i kunsthallen i Kulturhuset.

21:00:             Vaksenkveld med vaksenbøker

På Osvald pub – ”Dikt og galskap”: Lars Amund Vaage, Hans Sande og Solfrid Sivertsen, Marita Liabø og Marit Kaldhol les og fortel. Programleiar: Olav Akselsen.

Torsdag 11. november

08.30-14.00:

RapverkstadUngdomsskulane: 20 utvalde tiandeklassingar skal vera på rappeverkstad og læra om tekstskaping og rytme av Torstein Hyl.

08.00, 09.00 og 10.40

Marit Kaldhol les på Stord Vidaregåande og Tjødnalio(09.00).

09.00, 10.00, 11.00 og 12.00

Maria Parr: Stord Kulturhus – biblioteket for  3-4 kl Hystad. Ope for publikum.

09.00, 10.00,11.00 og 12.00

Heikki Grøhn les på Stord Kulturhus i Kunsthallen for 1. – 3. Klasse Langeland. Ope for publikum.

Roald Kaldestad les for 1-4. klasse på Tjødnalio.

09.30, 10.30,

Sortland les på Rommetveit for 6 klasse.

12.00 og 13.00

Sortland les på Hystad for 6 klasse.

12.15

Mary Bente Bringslid les på  Rommetveit skule for 1-3. Klasse.

09.00 og 10.00

Torvald Sund les på maritime museet for 10 klasse for Stord og Nordbygdo ungdomsskule. Ope for publikum.

10:00:             Lesestund og bildevandring

HSH-studentar inviterer førsteklassingar til høgtlesing og vandring i utstillingsrom på Rommetveit

11.30:             Framføring av rap for eit skulepublikum.

Ungdomsskuleelevane framfører det dei har laga på rappeverkstaden. I Småsalen på Kulturhuset på Stord.

18:00:             Forteljekveld

I heishuset på Litlabø med Maria Parr. Kulturinnslag med song og musikk. Anne Lene Østvold Jordåen  kjem med nokre Kulturskuleelevar. Quiz med Norsk Barneblad.

Fredag 12. november

12:00:             Bok og beibi

Bokkafé for dei yngste og foreldra deira, med Ragnfrid Trohaug og Ragnar Hovland på Slabberasetpå Bytunet . Hovland les frå Bø og Bæ.

09.00-15.00: Seminar på Høgskulen

Poesi og provokasjon

09.00:

Opning. Rektor Egil Eide ønskjer vel møtt. Opplesing av dikt.

09.15-10.00:

Hans Sande: Med bruspulver i navlegropa.

10.15-11.00:

Mary Bente Bringslid: Hundar i måneskin og vers på rømmen.

Litt om det å skrive for barn, med eksempel.

11.00-11.15:Prisutdeling: Årets nynorskkommune.

11.15-12.15:  Lunsj.

12.15-12.25: Opplesing av dikt ved ein forfattar.

12.25-13.15: Inger Lise Belsvik:  Rommet rundt teksten. Å illustrera dikt for barn.

13.15-13.30: Kaffi.

13.30-14.30:

Tone Birkeland: ”Ord som trampar og trippar, dansar, syng og ler…” Poesi for og med dei yngste.

14.30-15.00: Diskusjon og oppsummering.

Programleiar: Hege Myklebust

20:00:                        Raltura

Fest med musikk og litteratur for vaksne på Arena: Atle Hansen , Åsmund Espeland, Åge Vallestad, Jan Evald Kleppe og Roger Sjøvoll Dalland. Forfattarar: Hans Sande, Ragnar Hovland, Per Olav Kaldestad og Selma Aarø Lønning.

Utstillingar

Kunstutstillinga MYLDER  av Hans Sande i kunsthallen i Stord kulturhus.  Maleri, skulpturar og altartavle for tvilarar. Open måndag, tysdag, torsdag og fredag kl.18.00-20.00.

Laurdag er ho open frå 13.00-15.00. Utstilling av barneteikningar av elevar frå første klasse på Leirvik skule i vestibylen i Kulturhuset.

Utstilling av illustrasjonar til Hans Sande-tekstar, laga av kunst og handverkstudentar ved HSH: Vrimlearealet på HSH Rommetveit (frå tysdag).

Hans Sande-dikt heng over heile sentrum.

Alle arrangement utanom dei på skulane er opne for publikum, sjølv om det er invitert skuleklassar eller grupper spesielt.