Program 2012

Søndag 4. november

17.00: Falturiltufest, Stord kulturhus, kinosalen. Opning av Falturiltu og utdeling av Falturiltuprisen 2012. Opplesing ved Ragnar Hovland og Maria Parr. Musikk ved Odd Nordstoga + gjester og overraskingar. Kjøp billett på nett: http://www.stord.kulturhus.no/webid/info/14660/

Måndag 5. november

08.30-14.00: Skulebesøk

11:00: Når du går på ei bru, Stord kulturhus, kunsthallen. Ordførar Liv Kari Eskeland opnar utstilling laga av born frå ti Stordbarnehagar. Utstillinga er inspirert av Erna Osland si bok Når du går på ei bru.

18:00: Kulturskulekonsert, Stord kulturhus, kunsthallen  

19.00: Måndagsklubben,  Stord kulturhus. Hans Sande les   

20.00: Hovland på film, Stord kulturhus. Tre kortfilmar basert på tekstar av Ragnar Hovland: Beatpoetane, Emil og kaffikokaren og Eddie Stargazer (regi: Magnus Martens). Hovland les og fortel mellom filmane.

Tysdag 6. november

08.30-14.00: Skulebesøk

09.00 og 10.45: Heksedag på Sunnhordland museum. Aina Basso les frå Inn i elden. Mette Solemdal fortel om lokale hekser. Sopelimeverkstad.

10.00 Sagvåg skule, amfiet. Tor Arve Røssland les

11.00: Forfattarbesøk på Litlabø bibliotek. Tor Arve Røssland les

12.15: Musikklunsj, HSH Rommetveit, kantina. Musikkstudentar ved Høgskulen Stord/Haugesund framfører nye melodiar til tekstar av Ragnar Hovland. Opplesing ved Helga Gunerius Eriksen

17.00: Ballturiltu. Bok- og fotballfest på Vikahaugane. Keeperlegenda Erik Thorstvedt med engasjerande fotballøkt for ungar på kunstgrasbanen. Lars Mæhle og Atle Berge les frå bøkene sine om Knoterud FK og Barcelonagjengen. Kaker, saft og flotte bokpremiar! Kjøp billett på nett: http://www.stord.kulturhus.no/webid/info/14706/

Onsdag 7. november

08.30-14.00: Skulebesøk

10.00, 11.00 og 12.00 Forfattarbesøk på Stord folkebibliotek. Tor Arve Røssland les frå På rømmen i New York. Trio Vest spelar.

10.00 og 13.00: Rockemusikalen «1965», HSH/ Rommetveit, aulaen. Rockemusikal basert på Ragnar Hovland sine tekstar. Skriven og framført av studentar ved HSH.

11.00 Utstillingsopning, HSH/Rommetveit, vrimlearealet. Utstilling med arbeid frå Blå gruppe i Sæ barnehage og studentar på kunst og handverk (grunnskulelærarutdanninga) og førskulelærarutdanninga ved HSH. Basert på tekstar og songar av Odd Nordstoga og Ragnar Hovland.

12.40 Forfattarbesøk på Sveio folkebibliotek. Aina Basso les frå Inn i elden.

18.30: Rockemusikalen «1965», HSH/ Rommetveit, aulaen. Rockemusikal basert på Ragnar Hovland sine tekstar. Skriven og framført av studentar ved HSH.

19.30 : Onsdagsklubben, Stord kulturhus. Helga Gunerius Eriksen les.

20.00: Vaksenbokkveld ved Stord Mållag, Sunnhordland museum. Helge Torvund, Marit Eikemo og Aina Basso les. Musikk ved Ingvild Eide.

Torsdag 8. november

17.00: Norsk Barneblad 125 år! Bursdagsfest for Norsk Barneblad og alle som fyller år i veke 45. Song, presangar, ballongar,is, bollar m.m. Opplesing ved Tor Arve Røssland og Helga Gunerius Eriksen.

19.00: Gruverock, heishuset på Litlabø. Ragnar Hovland les og presenterer vinnaren av låtskrivarkonkurransen Sunnhordlandslåten 2012. Banda DumDum 36 og Black Lights spelar. Endre Engevik Olsen er konferansier.

Fredag  9. november

09.00-15.00: Seminar på Høgskulen, Store auditiorium. Tema:  RYK OG REIS!

 Opning ved Rektor Liv Reidun Grimstvedt

Musikkinnslag ved Kristian Grønås.

Festivalforfattar Ragnar Hovland: RYK OG REIS! Om eigen forfattarskap for born og unge.

Tor Arve Røssland: Barnefilm, berre for barn? Frå Stephen King til Maria Parr.

Bente Bratlund: Nynorske barnebøker, finst dei?

Professor Dagrun Skjelbred (Høgskulen i Vestfold) ”Kjendskab til vore viktigste forfattere gjennom en passende Læsebog”, eit historisk perspektiv på leseboka som litteraturformidlar.

Seminarleiar: Per Olav Kaldestad

12.00: Bok og beibi, Kringla Konditori. Bokkafé for dei yngste med Anna Rommetveit Folkestad.

20:00: Finn-Erix m/gjester, Arena. Finn–Erix er blant landets mest spesielle populærorkester, mykje på grunn av besetninga – stoveorgel m/rytmeboks, fagott og vokal. Trioen har spesialisert seg på humoristiske tolkingar av pop og rockklassikarar, og repertoaret spenner frå Deep Purple via Leonard Cohen til Bjørn Eidsvåg. Finn Tokvam, song og rytmeegg, Odd-Erik Lothe, stoveorgel m/rytmeboks, Halvor Folgerø, fagott, Orgelvikar: Ragnar Hovland ++. Kjøp billett på nett:  http://www.stord.kulturhus.no/webid/info/14688/