Program 2018

Fullt program kjem 1. oktober!
xPortrett01

Førebels programoversikt:

LAURDAG 3. NOVEMBER
11:00 Stord kulturhus, vestibylen
Kakefest og programutdeling!
12:00 Stord bibliotek
Bok og bolle med Vegard Markhus
14:00 Fitjar bibliotek
Bok og bolle med Vegard Markhus

SUNDAG 4. NOVEMBER
17:00 Stord kulturhus, storsalen – 150,-/100,-
Falturiltufest! – billettar
Det er klart for ei skikkeleg feststund for heile familien når bandet Building Instrument tar med seg animasjonskunstnar Simone Hooymans, koristane i Aspane og musikklina sitt vokalensemble i eit unikt samarbeid. Kari Stai sine karakterar Jakob og Neikob blir gjort levande ved hjelp av teaterelevar i Stord kulturskule. Og om ikkje det var nok, så kjem vinnaren av Sunnhordlandslåten 2018! Arrangementet er eit samarbeid med Stord Jazzklubb.

ONSDAG 7. NOVEMBER
11:15-15:20 Stord kulturhus – 400,-
Fylkesbibliotekseminar – påmelding
Hordaland og Sogn og Fjordane fylkesbibliotek inviterer til seminar med fokus på formidling til og med barn og ungdom. Gjester er Anna R. Folkestad, Svein Olav Langåker, Lillian E. Rushfeldt, Arnfinn Kolerud, Signe Ytrøy og Øystein Runde

19:00 Stord kyrkje – 200,-
Himmelhamn og Walgermo – billettar
Falturiltu og Stord sokneråd inviterer til ei spennande og stemningsskapande stund i Stord kyrkje med bandet Himmelhamn og forfattar Alf Kjetil Walgermo.

TORSDAG 8. NOVEMBER
10:30-15:50 Høgskulen på Vestlandet, Stord – 650,-
Falturiltuseminaret: Ord + bilde = sant? – påmelding
Falturiltu set fokus på formidling av bildebøker og teikneseriar. Gjester er Kari Stai, Eivor Vindenes, Ida Neverdahl, Arild Torvund Olsen, Liv Guldbrandsen, Siri Odfjell Risdal, Jens K. Styve, Irene Ahnell, Hannah Aukland, Bjørn T. Bøe

FREDAG 9. NOVEMBER
19:00 Stord kulturhus, storsalen – 375,-/325,-
Come Shine + Jan Erik Vold + Einar Økland – billettar
Falturiltu og Stord jazzklubb presenterer eitt av dei beste jazzbanda i landet, saman med to av våre mest folkekjære poetar! Tjueårsjubilanten Come Shine er kjende for fantasifulle og nyskapande tolkingar av jazzklassikarar. At Jan Erik Vold har eit spesielt øyre for jazzen vart klårt alt på slutten av 60-talet, då han gav ut «Briskeby blues» saman med Jan Garbarek. Han får fram den jazzpoetiske arven som ligg i Come Shine sitt fokus på tekstar og formidling. Einar Økland har også ei livslangt kjærleiksforhold til jazzen, og saman med Jan Erik Vold var han redaktør for boka Jazz i Norge i 1975.

 

 

 

Nynorsk barnebokfestival på Stord