Rune Belsvik

Rune Belsvik
Rune Belsvik

Rune Belsvik har ein omfattande og mykje verdsett forfattarskap bak seg. I meir enn 30 år har han skrive barne- og ungdomsbøker, romanar, noveller, dikt, forteljingar og skodespel, alle med si heilt særeigne forfattarstemme og med originale univers. Han debuterte i 1979 med Ingen drittunge lenger, som han fekk Noregs mållags pris for, og seinare har han blitt kjent og elska blant anna for serien om Dustefjerten, og for bøkene om livet i den vesle bygda Bløygen.

Belsvik har motteke ei rekke litterære prisar, mellom anna Melsomprisen og Cappelen-prisen (1984), Kulturdepartementet sin litteraturpris (1988, 1994 og 2004), Brageprisen (2000), Kritikarprisen (1996 og 2001) og Teskjekjerringprisen (2007)