Seminar 2010

Seminar HSH Fredag 12.11.

Poesi og provikasjon

09.00: Opning. Rektor Egil Eide ønskjer vel møtt. Opplesing av dikt.

09.15-10.00: Hans Sande: Med bruspulver i navlegropa.

10.15-11.00: Mary Bente Bringslid: Hundar i måneskin og vers på rømmen.

Litt om det å skrive for barn, med eksempel.

11.00-11.15: Prisutdeling: Årets nynorskkommune.

11.15-12.15: Lunsj.

12.15-12.25: Opplesing av dikt ved ein forfattar.

12.25-13.15: Inger Lise Belsvik: Rommet rundt teksten. Å illustrera dikt for barn.

13.15-13.30: Kaffi.

13.30-14.30: Tone Birkeland: ”Ord som trampar og trippar, dansar, syng og ler…” Poesi for og med dei yngste.

14.30-15.00: Diskusjon og oppsummering.

Programleiar: Hege Myklebust

Pris: 200,- (inkl.lunsj). Påmelding til jorunn.miljeteig@hsh.no eller tlf 53 49 13 41 innan 1. november

Førelesarar

Inger Lise Belsvik

(f. 1961) er grafikar, teiknar, illustratør og forfattar. Som illustratør meistrar Belsvik den fine balansegangen mellom tolking og meddikting. Ho har fleire gonger vunne gull i konkurransen «Årets vakreste bøker», og ho fekk Kulturdepartementets illustrasjonspris i 1997 og 2004. Ho har bl.a illustrert Ikkje gløym å klappe katten (1997) av Rønnaug Kleiva, På ein krakk på ein stol (1998) av Solfrid Sivertsen, Dei blå revane (2003) av Mary Bente Bringslid og Jon og den lange julenatta (2009) av Hilde Myklebust. Hausten 2010 debuterte Belsvik som forfattar, med biletboka Spring, hesten, spring!

Tone Birkeland

(f. 1947) er førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Bergen og forskar i barnelitteratur. Ho er Cand. Philol frå Universitetet i Bergen i 1972 på avhandlinga «So ro godt barn». En studie av tradisjonelle og litterære bånsuller, og har arbeidd ved høgskolen sidan 1974. Har redigert fleire viktige litteraturpedagogiske og teoretiske antologiar innanfor barnelitteraturfeltet og er medforfattar til Norsk barnelitteraturhistorie (1997, revidert utgåve 2005).

Mary Bente Bringslid

(f. 1955) er forfattar og sosialantropolog. Ho debuterte med Dei blå revane i 2003, ei samling dikt for barn som ho fekk Kultur- og kyrkjedepartementet sin debutantpris for. Hunden Parabol tenkjer på månen kom i 2006, ei ny samling med underfundige og språkleikande dikt for barn. I Stankelbeinskrift, frå 2009, bevegar ho seg i ei meir vilter retning, og diktar i tradisjonen etter Inger Hagerup og André Bjerke.