Seminar 2011

 

Program

08:30 Kaffi, te, registrering

09:00 Opning.
Direktør Tage Båtsvik ønskjer vel møtt. Jentebandet 4Adamas spelar tøffe låtar.

09:30 Ekte superheltar har beina på jorda. Om eige forfattarskap.
Ingelin Røssland er festivalforfattar, og har skrive ei rekkje spennande bøker for ungdom.

10:15 Pause

10:30 Fart og spenning. Hardkokte detektivromanar om og for unge frå 11-12- årsalderen.
Øystein Rosse har omsett CHERUB-serien til Robert Muchamore til norsk.

11:15 Lunsj

12.15 Inn i si tid. Livsviktig lesing. Om ungdom og leselyst, litteraturtips med meir.
Janne Karin Støylen er litteraturformidlar ved Høgskulen i Volda og Nynorsksenteret.

13:15 Pause, kaffi

13:30 Og kva med fagbøkene? Om fagbøker for ungdom.
Sissel Høisæter er høgskulelektor ved HSH, og sit i sakprosautvalet til Norsk Kulturråd.

14:30 Diskusjon og oppsummering

15:00 Slutt

Seminarleiar: Hege Myklebust

Seminaravgifta på 200 kroner inkluderer lunsj, kaffi og frukt.

 

Meld deg på til Høgskolen Stord/Haugesund v/Jorunn Miljeteig jorunn.miljeteig@hsh.no Telefon 53 49 13 41

Påmeldingsfrist: 7. november

Omtale:

På dette seminaret får du inspirasjon og påfyll til å driva litteraturformidling for ungdom. Du får møta festivalforfattaren Ingelin Røssland, som skriv spennande og engasjerande for ungdom, som sjølv er ung, og som har stor appell til ungdom. Sjølv dei gutane som aldri frivillig opnar ei bok stod i kø framfor skulebiblioteket etter å ha møtt Ingelin Røssland, rapporterte ein ungdomsskulelærar.

Robert Muchamore skriv tøff og spennande kriminalbøker med ungar i 12-årsalderen som heltar. Han har stor suksess i heimlandet England med den såkalla CHERUB-serien, og bøkene hans er omsett til mange språk. Øystein Rosse set dei om til norsk, og vil fortelja om bøkene om omsetjingane.

Janne Karin Støylen arbeider ved Høgskulen i Volda og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Ho les alt som kjem ut av barne- og ungdomslitteratur på nynorsk, og er ein eineståande dyktig formidlar. Ho kjem med mange gode litteraturtips som kan inspirera ungdom til å lesa meir, og lika det.

Mange unge føretrekkjer gjerne å lesa fagbøker framfor skjønnlitteratur. Høgskulelektor Sissel Høisæter arbeider ved Høgskolen Stord/Haugesund, og sit i sakprosautvalet til Norsk Kulturråd. Her les og vurderer mykje av det som kjem ut av sakprosa i Noreg for innkjøp til biblioteka, og er ein god vegvisar i eit landskap som kan verka uoversiktleg for mange lærarar og formidlarar.