2. – 9. november 2024
Profilfoto Linda Eide av Tore Zakariassen.

Linda Eide

Les meir

Profilfoto Sjur Hjeltnes av Hanne Cathrin Olsen.

Sjur Hjeltnes

Les meir

Portrett Anja Dahle Øverbye av fotograf Thomas Ekstrøm

Anja Dahle Øverbye

Les meir

Seminar 2016

Seminarpakke om nynorsk barnelitteratur og formidling

Torsdag 10. og fredag 11. november kan Falturiltu tilby ei retteleg gåvepakke til alle som er opptekne av litteraturformidling for born og unge, og her er litt for dei vaksne òg.

Det er høve til å delta ein eller begge dagar, programma står på eigne føter, og for dei som deltek begge dagar har me underhaldning på kveldstid i tillegg.

Torsdag: Falturiltuseminaret

Falturiltu ønskjer vel møtt til det tradisjonelle Falturiltuseminaret på HSH. Festivaltema i år er Kjærleik. Seminaret er retta mot formidlarar av barnelitteratur, som lærarar, bibliotekarar og andre.

Program:
10:00 Opning. Musikalsk innslag.

10:20 «Ambisjonen om å involvere hele leseren. Om barnelitteraturens ressurser og sanseappell». Kristin Ørjasæter, direktør for Norsk Barnebokinstitutt.

11:00 EG ER EG ER EG ER – Korleis skrive og formidle lyrikk til barn og ungdom? Ruth Lillegraven i samtale med Per Olav Kaldestad

11:40 LUNSJ

12:30 Møt festivalforfattaren. Bjørn Sortland fortel om eige forfattarskap

13:00 Skeiv litteratur for barn og unge – finst det og trengst det? Kristin Fridtun

13:40 KAFFIPAUSE

13:50 Tid for ti – nasjonal leseaksjon for elevar på 7. trinn. Ole Ivar Burås Storø, Foreningen !Les

14:30 Hopp i det! – Barnebokbad. : Pål Brekke Indregard i samarbeid med Foreningen !Les  om korleis metode og filosofiske samtalar med barn kan leggja grunnlaget for gode forfattarbesøk i skulen

15:10 SLUTT

Seminaret kostar 250,- for ein dag, pakkepris 400,- for begge dagane (torsdag og fredag). Det inkluderer lunsj, kaffi og frukt.

Påmeldingslenke!

Me kan tilby avtalepris til alle tilreisande på Grand hotell. Kodeord: Falturiltu!

  • Enkeltrom kr 845,- per døgn inkludert frukost og moms
  • Dobbelt rom kr 1045,-

Fredag: Barnehageseminar

Kvifor og korleis driva med språkstimulering og litteraturformidling i barnehagen i område der nynorsk er opplæringsmål i skulen? Det får du vita om du deltek på barnehagedagen under Falturiltu. Du får òg mange nyttige tips frå dei ni kommunane som har delteke på Nynorsksenteret sitt pilotprosjekt Nynorske lesefrø.

Program:
10.00 Opning.

10.15 Forfattar Anna Rommetveit Folkestad les for barnehageungar og oss

10.30 Nynorsk i barnehagen. Kvifor og korleis? Eli Bjørhusdal frå Høgskulen i Sogn og Fjordane

11.30 Språkløyper på nynorsk. Elisabeth Brekke Stangeland og Thomas Hammerø frå Lesesenteret i Stavanger

12.00 Lunsj

12.45 Forteljingar frå pilotkommunane

13.30 Kva er kvalitet i barnelitteraturen? Samtale mellom festivalforfattar Bjørn Sortland og litteraturkritikar Silje Stavrum Norevik

14.15 Forteljingar frå pilotkommunane

15.15 Slutt

Påmelding!

Ein må melda seg på kvar dag separat, og billettane kjøper de her. (vel mellom 250,- for ein dag, eller 400,- for begge):

Torsdag kveld: Stemnemøte mellom Bjørn Sortland og Agnes Ravatn, og minikonsert med trioen Kaldestad

Torsdag kveld inviterer Stord mållag og Falturiltu til eit stemnemøte mellom festivalforfattar Bjørn Sortland og Olaug Nilssen. I ein samtale mellom dei vil dei utforska kvarandre sin forfattarskap, og visa oss sin kjærleik til litteraturen og kanskje musikken.

Musikk blir det også når trioen Kaldestad, som er sett saman av Gyrid Nordal Kaldestad, Are Lothe Kolbeinsen og Anne Hytta spelar eit utval songar frå den nye plata si, Stille, stille. Trioen spelar songar med element frå jazz og folkemusikk, med tekstar av Gyrid Nordal Kaldestad. Tematikken i tekstane er vennskap, sorg, einsemd, kjærleik og sakn.

Billettar til vaksenbokkvelden kan kjøpast her.

Seminara blir arrangert i samarbeid med Høgskolen Stord/Haugesund, Høgskulen i  Sogn og Fjordane, Nynorsksenteret, Foreningen !Les, Stord mållag, Pirion og LNK