Seminar 2019

Falturiltu sitt årlege formidlingsseminar har i år fokus på ungdomslitteratur. Seminaret er perfekt for alle litteratur- og formidlingsinteresserte!
Promo_falturiltuseminaret1280x800ny2
Påmeldinga er opna: https://falturiltu.hoopla.no/sales/seminar2019

Gjester og innleiarar i år er:
Bjarte Bakken, Elen Betanzo, Hanna Bovim Bugge, Marit O. Kaldhol, Berit Rokne, Svein Slettan, A. Audhild Solberg, Brynjulf Jung Tjønn, Terje Torkildsen, Eivor Vindenes og Nina Aalstad.


PROGRAM FALTURILTUSEMINARET
Frå 10:00 Registrering
10:15 Bussavgong til HVL Campus Stord frå Leirvik terminal, Stord.

10:40 Opning ved Berit Rokne, rektor Høgskulen på Vestlandet. Innslag frå musikkseksjonen ved HVL Stord.

11:10 «M for Marit». Festivalforfattar Marit Kaldhol kåserer rundt sitt eige forfattarskap

11:30 «Innleiing om ungdomslitteratur» ved Svein Slettan, førsteamanuensis ved UiA. Slettan står bak bøkene «Fantastisk litteratur for barn og unge» og «Ungdomslitteratur: ei innføring».

12:00 LUNSJ

13:00 «Tung – verre – verst? Det kan verka som at innhaldet i ungdoms- og barnebøker er blitt meir brutalisert dei siste åra. Er dette ei medviten satsing frå forlaga eller speglar det berre samfunnet rundt oss?» Leiar for U-Prisen, Bjarte Bakken, tek samtalen med forfattar A. Audhild Solberg og forlagsredaktør og forfattar Brynjulf Jung Tjønn.

13:45 «Lettlestbøker for ungdom på nynorsk?» ved Hanna Bovim Bugge frå Leser søker bok

14:15 KAFFIPAUSE

14:30 Barnebokkritikk sin panelsamtale: «Den vanskelege ungdomsboka. Treng me eigentleg sjangeren ungdomslitteratur?» Med: Nina Aalstad, Elen Betanzo og Terje Torkildsen. Moderator er Eivor Vindenes frå Leser søker bok.

15:30 SLUTT – transport til Leirvik sentrum MERK: Det kan koma noko endringar i sjølve programoppsettet.

Nynorsk barnebokfestival på Stord