Stein Torleif Bjella

image”Bjella & Co har lagd det komplette album”, skreiv Dagbladet og trilla seks på terningen, då Stein Torleif Bjella sleppte sitt fjerde soloalbum, Gode Liv i 2016. Visekunstnaren sin solide katalog veks seg stadig større, og som iTromsøs anmeldar poengterte i si melding «Stein Torleif Bjella gjør det umulige mulig, nemlig å finne opp seg selv hver gang».

Stein Torleif Bjella gjorde seg for alvor bemerka med solodebuten Heidersmenn i 2009. Albumet blei svært godt motteke, og gjorde seg fortent til to spellemannominasjonar. To år seinare kom oppfølgaren Vonde Visu som, om mulig, ble endå betre motteken. Heim for å døy avslutta trilogien i 2013.

Som heilstøypt liveartist, har Bjella også markert seg. På små, intime klubbscener så vel som på landets aller største festivalscener. «Overveldende fantastisk, rett og slett», skreiv Dagbladet sin meldar etter å ha sett Bjella på Øya i 2011, og trilla seksar på terningen. «Gleden ved å være sørgmodig», konkluderte VGs anmeldar, etter å ha sett han på samme festival tre år seinare.

4. November kjem han til Arena med fullt band, samansett av landets beste musikarar.

Sikra deg billett her!