Årets festivalforfatter er Aina Basso!

Falturiltu er stolte av å presentera Aina Basso som årets festivalforfattar!

Aina Basso har turnert landet rundt med spennande formidlingar og til hausten vil Falturiltu løfta fram heile forfattarskapen hennar under årets tema: FAKTISK og POETISK.

Me gler oss til å oppleva Aina Basso både på scena! Ho vil blant anna fortelja om dødsstraffa i Noreg og andre historiske skikkelsar. Ho er rett og slett ei glitrande formidlar med særs fin røyst.

Prisvinnande forfattar
Basso fekk i 2022 tildelt Samlagsprisen, der juryen påpeika at «Aina Basso utmerkar seg i samtidslitteraturen ved å skriva historiske romanar frå ståstaden til unge, utsette kvinner frå historia». Basso er utdanna historikar, og sjølv om bøkene hennar legg vekt på å vera historisk korrekte, så står dei på eigne bein som drivande gode skjønnlitterære verk. For ungdomsromanen Inn i elden blei Basso nominert til Brageprisen, Kulturdepartementets litteraturpris og Nordisk råds pris. Ho har dei seinare åra skrive bøker om heksejakt i Europa og korleis det var å vera eit uønska barn i Kristiania under hundreårsskiftet. Dei dødsdømde, som kom ut i fjor blei òg nominert til Brageprisen i klassen sakprosa for barn og unge.

Tjuvstartar i Voss
Allereie i april vil Aina Basso opptre på Vossa Jazz, der ho kjem til Badnajazz i Voss kulturhus laurdag 1. april. Vossa Jazz har nett sleppt programmet sitt – ein fullstappa godtepose av velsmakande artistar – og Falturiltu er glade for å vera ein del av dette spennande programmet.

Falturiltu 2022 – ny publikumsrekord!

Heile 7324 publikummarar fekk med seg dei rundt 120 arrangementa under årets Falturiltu, som spreidde seg ut over elleve kommunar i Vestland og Rogaland, mellom 4. og 11. november.

Alle bilder: Kari Mendelejev Svanberg og Mónica Ferreira

Inspirert av festivalforfattar Terje Torkildsen sin forfattarskap, var tema i år Action og humor. Og action blei det, først med urpremiere på teaterversjonen av den forrykande sjøromanen Arrfjes, så Stallturiltu (bok- og hestefest) med Camilla Kuhn, og Ballturiltu (bok- og fotballfest) med Maria Parr.

Humor blei det også i fleng – standup-show med Hans Morten Hansen og ein Tønes i toppform, framfor eit fullsett Arena. Humorboka av Terje Torkildsen var inspirasjon for både utstilling ved Fitjar vidaregåande skule og bokbad ved MU (mestring og utvikling) på Stord vidaregåande skule. Torkildsen blei også bokbada på alle ungdomsskulane på Stord. «Eit genialt konsept», i følge festivalforfattaren sjølv.

Alle bilder: Kari Mendelejev Svanberg og Mónica Ferreira

Falturiltu er svært stolte av å ha  presentert heile tre nyskapingar i år, blant anna tidlegare nemnde Arrfjes. NRK-journalist, forfattar og eks-kornettist Halvor Folgerø vende tilbake til sitt barndoms skulekorps i førestillinga Langs kvar ein vestlandsveg, basert på hans andre samling med historier om dei sagnomsuste vegane på Vestlandet.

Her fekk ein oppleva gripande og morosame forteljingar frå Folgerø saman med Stord og Rommetveit skulekorps som gjennom utvalde musikkstykke underbygde og kontrasterte forteljingane.

Alle bilder: Kari Mendelejev Svanberg og Mónica Ferreira

Sigrid Moldestad hadde tonesett utvalde barnedikt av Jan-Magnus Bruheim i førestillinga Regndropeborna og andre dyr, eit samarbeid mellom Falturiltu, Førdefestivalen og Vossa Jazz. Denne framsyninga blei vist i Valestrand kulturkyrkje i Sveio, og me gler oss alt til det blir plate av dette stoffet, rundt påsketider, 2023.

Andre høgdepunkt var musikklinja ved Stord vgs sin Haustkonsert, der Bjørn Sortland var strålande llitterær gjest, og heilhusfesten i Stord kulturhus med kakeutdeling og Bok og kråkebolle med Camilla Kuhn og Markus Lantto i Stord folkebibliotek. Mange små fekk med seg den gøye teaterframsyninga Monsterbesøk med Adele Lærum Duus. Ho var ute på reis heile festivalveka med dei litt skumle, men mest søte, monstera sine, blant anna til Etne og Haugesund bibliotek.

Alle bilder: Kari Mendelejev Svanberg og Mónica Ferreira

Dei vaksne fekk også magiske opplevingar. Kari Bremnes strålte i Stord kyrkje, medan  forfattar og visekunstnar Stein Torleif Bjella laga ei feststund på ARENA. Bente Bratlund og Ragnar Hovland fylte 70 i år, og begge blei eksklusivt feira på Åtgaum, med celebre gjester og meny basert på forfattarane sine favorittar. På Åtgaum var det i tillegg bokbar med Brynjulf Jung Tjønn, Agnes Ravatn, Atle Berge og Anders Totland. 

Alle bilder: Kari Mendelejev Svanberg og Mónica Ferreira

I samarbeid med Wärtsila var ungdomsskulane på besøk i dei fine kontorlokala på Heiane og fekk møta forfattar Tor Arve Røssland. På Sunnhordland museum var det spennande hekseverkstadar der elevar fekk laga si eiga scenografi som forfattar Aina Basso fekk opptre i. Barnehagar, grunnskular, museum, ungdomsskular, vidaregåande skular, HVL og bibliotek fekk besøk av m.a.  Oskar Kroon, Vegard Markhus, Arild Torvund Olsen, Ingunn Røyset, Ingelin Røssland, Tone E. Solheim og Kari Stai.

Alle bilder: Kari Mendelejev Svanberg og Mónica Ferreira

Dette blei kort sagt eit lyspunkt i den mørke tida, og ein bokfest av dei sjeldne, for store og små i kommunane Bømlo, Etne, Fitjar, Haugesund, Karmøy, Kvinnherad, Stord, Sveio, Tysnes, Vindafjord og Voss.

Programmet for falturiltu 2022 er klart!

Terje Torkildsen er årets festivalforfattar, og hans medrivande og humoristiske forfattarskap vil gjennomsyra festivalprogrammet. Me møter han allereie 5. november i Møllebua på Stord, i nyproduksjonen Arrfjes, der han har dramatisert si eiga bok med nyskriven musikk av Johan Egdetveit. Torkildsen blir ellers å treffa i samtale med Einar Økland i Valenheimen, og med Ragnar Hovland på Åtgaum. Han blir bokbada på alle ungdomsskulane og av MU-elevane på Stord vgs, og han snakkar om eigen forfattarskap både under Falturiltuseminaret på HVL og i samtale med Ingelin Røssland i arrangementet Klassikartimen. Bøkene hans har også inspirert heile to utstillingar som blir å finna i Stord kulturhus, laga av 7. trinn på Leirvik skule og Fitjar vgs.

Falturiltu er svært stolte av å kunna presentera heile tre nyskapingar i år, blant desse er tidlegare nemnde Arrfjes. Den historiske sjøromanen Arrfjes er truleg den mest lesne boka Terje Torkildsen har skrive, og ho blei i Bokåret 2019 kåra til ei av dei ti beste ungdomsbøkene på nynorsk sidan tusenårsskiftet. I samband med festivalforfattaroppdraget på Falturiltu lagar han no altså tingingsverk rundt forteljinga om førstereisguten Ejner Tevig.

NRK-journalist, forfattar og eks-kornettist Halvor Folgerø vender tilbake til sitt barndoms skulekorps i førestillinga Langs kvar ein vestlandsveg, basert på hans andre samling med historier om dei sagnomsuste vegane på Vestlandet. Her blir det spanande, gripande og morosame forteljingar, foto på stort lerret, og Stord og Rommetveit skulekorps som gjennom utvalde musikkstykke underbygger og kontrasterer forteljingane. Folgerø blir med både på fagott og bass,  i Stord kulturhus, måndag 7. november.

Sigrid Moldestad har tonesett utvalde barnedikt av Jan-Magnus Bruheim i førestillinga Regndropeborna og andre dyr, eit samarbeid mellom Falturiltu, Førdefestivalen og Vossa Jazz. Denne framsyninga vil bli vist i Valestrand kulturkyrkje i Sveio.

Laurdag 5. november er det heilhusfest i Stord kulturhus, med Den store kinodagen, kakeutdeling, Bok og kråkebolle med Camilla Kuhn og Markus Lantto i biblioteket og Rullturiltu med Ida Neverdahl, Stord Rulleklubb og Stord kulturskule. Same dag blir brettspelet Slaget om Sunnhordland lansert hos Print og Ramme. Her stiller Lars Slettebø og teiknar karikaturar av publikum.

Dei hesteinteresserte kan gå på Stallturiltu i Stord hestesportsenter på Tyse, der det blir barneriding,  teiknestund med Camilla Kuhn og kafé. Dei fotballinteresserte kan bli med på Ballturiltu, der tidlegare Brann-keeper Håkon Opdal instruerer og fortel om sin litterære debut, og Maria Parr les frå Keeperen og havet. Her blir det også kafé.

Musikklina ved Stord vidaregåande skule arrangerer Haustkonsert med Bjørn Sortland som litterær gjest.

Dei vaksne skal sjølvsagt også få sitt. Hans Morten Hansen opnar festivalen, fredag 4. november, Kari Bremnes kan opplevast i Stord kyrkje, i samarbeid med Stord sokneråd. Stord mållag har invitert forfattar og visekunstnar Stein Torleif Bjella, og Tønes med band avsluttar Falturiltu 2022 med ei feststund på ARENA. Bente Bratlund og Ragnar Hovland er begge 70 i år, og du kan vera med å feira dei på Åtgaum, der det blir celebre gjester og meny basert på forfattarane sine favorittar. På Åtgaum blir det også Samlagskveldar med Brynjulf Jung Tjønn, Agnes Ravatn, Atle Berge, Aina Basso og Anders Totland. 

Det vil bli mange fleire arrangement under Falturiltu enn det me greier å lista opp her, der alt frå barnehagar, grunnskular, ungdomsskular, vidaregåande skular, HVL og bibliotek er involverte.

I samarbeid med Sunnhordland museum vil det bli invitert til verkstad med heksetema saman med litterær gjest Aina Basso. På turné rundt i distriktet vil ein kunne møta m.a. Atle Berge, Adele Lærum Duus, Oskar Kroon, Anders Totland, Vegard Markhus, Arild Torvund Olsen, Ingunn Røyset, Ingelin Røssland, Tor Arve Røssland, Tone E. Solheim og Kari Stai.

Alt ligg til rette for ein bokfest av dei sjeldne, i Sunnhordland og på Haugalandet, i november!

Nynorsk litteraturfestival for barn og ungdom