Festivalforfattar i 2012 – Ragnar Hovland

Seksti år og like fantastisk

Absurd, underfundig, vittig, frekk og fantastisk. Alt dette er karakteristikkar som kan brukast om den mangslungne og særeigne produksjonen til årets festivalforfattar.

Ragnar Hovland debuterte i 1979, og allereie året etter kom den første barneboka hans, Det får stå til, som gav han Kultur- og Vitskapsdepartementet sin debutantpris . Seinare har det kome over førti bøker frå hans hand, femten av dei for barn og unge.

Med sin humoristiske og innfallsrike skrivemåte var Hovland ein nyskapar i barnelitteraturen på åttitalet, og han har seinare inspirert ein heil generasjon unge forfattarar.

Han har skrive i dei fleste sjangrar; barnedikt, som i Elefantmusikken (1985), der ein finn den moderne klassikaren Kveldssong for deg og meg, som Odd Nordstoga seinare tonesette og fekk sitt gjennombrot med, essay for unge, dramatikk, noveller og romanar, blant andre Ein motorsykkel i natta (1992), som vann Brageprisen, og Fredlaus (2006) som fekk Norsk litteraturkritikerlags barnebokpris.

Ragnar Hovland er også ein særprega illustratør, som har illustrert fleire av sine eigne bøker, til dømes Emil og kaffikokaren (1987) og Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville (1996). I tillegg er han musikant og komponist. Falturiltu er i sitt sjette år svært stolte av å vera med på sekstiårsfeiringa av denne levande legenda i (ny)norsk (barne)litteratur.

Barne- og ungdomsbøker

Det får stå til, barnebok (1980)

Den flygande sykkelen og andre forteljingar, barnebok (1981)

Jakta på salamanderen, barnebok (1983)

Elefantmusikken, barnedikt (1985)

Sjømannen, tante Elida og dei største eventyr, barnebok (1986)

Emil og kaffekokaren, barnebok (1987)

Mercedes, ungdomsbok (1989)

Ein motorsykkel i natta, ungdomsbok (1992)

Ei lang reise, ungdomsbok (1992)

Bjørnen Alfred og hunden Samuel forlet pappkartongen, barnebok (1993)

Ein dag i Sherwoodskogen, barnebok (1994

Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville, barnedikt (1996)

Detektivforteljing, barnebok (1998)

Verdt å vite (trur eg), barnebok (2002)

Fredlaus, ungdomsbok (2006)

 

Ein tanke om “Festivalforfattar i 2012 – Ragnar Hovland”

Innlegget er stengt for innspel.