Falturiltuprogrammet er klart

FALTURILTU 2012 – Tema: RYK OG REIS!

Sekstiårsjubilant Ragnar Hovland er årets festivalforfattar og vil prega det meste av programmet under denne sjette Falturiltufestivalen på Stord.  Sjølv blir Hovland å oppleva under opningsfestkonserten i Kulturhuset, søndag 4. november, saman med Odd Nordstoga og Maria Parr. Han er også gjest med populærorkesteret Finn- Erix (Halvor Folgerø, Finn Tokvam og Odd-Erik Lothe) på Arena, fredag 9. november og han vil bidra på det faglege seminaret ved Høgskulen Stord/Haugesund same dag. Tekstane hans vil elles blant anna vera utgangspunkt for årets musikalprosjekt for kunst- og musikkstudentar ved HSH og kortfilmkveld i Kulturhuset.

Dei bok- og fotballinteresserte får sitt også i år. På arrangementet Ballturiltu vil keeperlegenda, forfattaren, og programleiaren Erik Thorstvedt ha ei engasjerande fotballøkt med ungane før det blir fotballbokopplesing ved Lars Mæhle og Atle Berge og kakefest. Fest blir det også for Norsk Barneblad som fyller 125 år. Her kjem blant andre Tor Arve Røssland og Helga Gunerius Eriksen for å kaste glans.

Alle barnehagane i Stord har fått Erna Osland si fagbok «Når du går på ei bru» i gåve frå Falturiltu, og arbeidet med denne vil munna ut i ei utstilling i festivalveka. Utstilling blir det også utandørs i Osen. Leif Hedman og elevane hans ved Fitjar vidaregåande skule, design og handverk, vil presentera installasjonen ”RYK OG REIS!” i samarbeid med Galleri Giga.

Stord Mållag vil ha vaksenbokarrangement i Sunnhordland Museum med Helge Torvund, Marit Eikemo og Aina Basso. Basso vil også delta på Heksedag på museet. Det blir Bok & beibi-arrangement med Anna Rommetveit Folkestad og alle skulane i Stord kommune får forfattarbesøk av bl.a. Bente Bratlund, Atle Hansen, Hans Sande, og Øystein Runde.

Saman med Mediehuset Sunnhordland vil Falturiltu i tillegg lysa ut ein nynorsk låtskrivingskonkurranse. Den beste låten vil bli framførte under ein konsert i heishuset på Litlabø!