Det er nesten ein månad igjen, men førehandssalet til den sjette Falturiltufestivalen går strålande. 4. november brakar det laus med Odd Nordstoga, Maria Parr og Ragnar Hovland i kinosalen i Stord Kulturhus. Her er det allereie over halvfullt. På bok- og fotballfesten, bl.a. med Erik Thorstvedt, tysdag 6. november, er det sett eit tak på 70 deltakarar. Her bør ein skunde seg for å få plass.
Eit nytt gratisarrangement er også kome til. Måndag 5. november blir det filmkveld i Stord kulturhus. Her blir det vist tre kortfilmar basert på tekstar av Ragnar Hovland: Beatpoetane, Emil og kaffikokaren og Magnus Martens sin debutfilm, Eddie Stargazer. Hovland vil sjølv lesa og fortelja mellom filmane.
Det er mange godbitar under Falturiltu 2012 – sjekk det fulle programmet og sikra deg billettar til dine favorittar no!