Frode Grytten opnar FALTURILTU 2013

gabbagabbaFor få veker sidan trekte teaterførestillinga Bikubesong stappfull kinosal i Stord kulturhus. Om kort tid kjem forfattaren bak suksessromanen tilbake til kulturhuset for å opna Falturiltu 2013. Søndag 3. november vil Frode Grytten framføre førestillinga «Gabba gabba hey» i samarbeid med bergensmusikar Mads Berven, og med Gry Moursund sine sprelske illustrasjonar på kinolerretet. I tillegg får ein oppleve festivalforfattar Einar Økland, Stord kulturskule sitt jentekor – Aspane og dansaren Magdalena From Delis. Kjøp billett på nett!