Handarbeidstevling

 

faltu2014Er du glad i å spøta, hekla og sauma? Glad i fargar og garn, i å vera kreativ? Bli med i tevlinga om å laga det beste Falturiltu-handarbeidet! Du kan også bruka andre materialar, som tre, metall, leire, eller det du måtte ha for handa, så å seia.Ta ein kikk på logoen vår og fargane våre på www.falturiltu.no, og lat deg inspirera! Alle arbeida som blir med i tevlinga vil bli stilt ut i Museumshallen på Sunnhordland museum i veke 45, og vinnaren blir kåra på vaksenbokkvelden til Stord mållag onsdag 3. november. Der vil Eli Fossdal Vaage lesa frå boka Hekla myterArbeidet må vera levert til Kulturhuset eller Ullkroken innan sundag 26. oktober. Juryen er sett saman av Kathrine Huglen, høgskulelektor i kunst og handverk ved HSH, Jane Jünger, direktør ved Sunnhordland museum, og Hege Myklebust, leiar i Stord mållag. Vinnaren får eit gåvekort på garn frå Ullkroken til 500,-, og eit signert eksemplar av boka Hekla myter.