Falturiltu 2014 går av stabelen i veke 45 (2.-7. november) og i år er tema Fantasi og fanteri. Me vil ikkje ha festivalforfattar i 2014, men heller fokusera på fantasy og beslekta sjangrar. Den danske fantasydronninga Lene Kaaberbøl er stadfesta, og det same er Lars Mæhle, aktuell med andre bind i serien Landet under isen, Kristine Tofte og Tor Arve Røssland. Elles kjem Linda Eide, Finn-Erix, Erna Osland og mange mange fleire.
