I oppsummeringa av Falturiltu 2014 er det gledeleg å sjå at me stadig når lenger ut. I år kom det blant anna bidrag frå Gudbrandsdalen(!) til låtskrivarkonkurransen vår, Sunnhordlandslåten, og på dei faglege seminara kom det folk frå Skudeneshavn i sør, Volda i nord og frå både Bergen, Oslo, Odda, Tysvær og Voss. Aldri før har me trekt så mange frå utanfor Sunnhordland til Stord.
Publikum har også stilt opp på dei aller fleste arrangementa, og publikumstalet ser ut til å enda opp på litt over 4000. Litt høgare enn i fjor, altså. Me merkar også auka interesse frå media for den nynorske barnebokfestivalen. For første gong fekk me i år saker i Klassekampen og, via Nynorsk pressekontor (NPK), i Dagen, Hallingdølen, Bømlo-Nytt og Framtida. Haugesunds Avis hadde fleire saker, Bergens Tidende hadde eit heilsides oppslag og Norsk Tidend og periskop.no/barnebokkritikk.no sendte journalistar til festivalen over fleire dagar. Det ser altså ut til at me er på rett veg mot å nå målet vårt om å bli ei nasjonal festival for nynorsk barnelitteratur, med solid lokal forankring.
Blant arrangementa som trekte mest folk i år var Falturiltufest bl.a. med sokndalsbuen Tønes, som sjarmerte i senk publikum frå seks til sytti, og Lene Kaaberbøl, HSH sin musikal Skammarens dotter, Finn-Erix og Linda Eide, og Stord kulturskule sin eigenproduserte Måneskinnssoldaten. Ellers var det jamnt over godt besøk på dei fleste av dei rundt femti arrangementa, og mykje skryt til festivalutstillingane, bl.a. Fitjar VGS si utstilling i Stord kulturhus.