Festivalforfattar 2015 – Maria Parr

Parr, Maria 2014 (c) Andrew Amorim BRUK DETTE!Årets festivalforfattar er Maria Parr, og dette blei markert i samarbeid med Vossa Jazz, laurdag 28. mars.

Parr blir ofte kalla norsk barnelitteraturs nye superstjerne. Ho debuterte med boka Vaffelhjarte i 2005, og vart mellom anna nominert til Brageprisen. I 2009 følgde ho opp med Tonje Glimmerdal som ho blei tildelt både Brageprisen, Kritikarprisen og Teskjekjerringprisen for. I 2010 vart Tonje Glimmerdal kåra til beste tyske barnebok av avisa Die Zeit. Begge bøkene hennar er blitt til teater og Vaffelhjarte er blitt ein svært populær Tv-serie. Bøkene til Parr er no blant dei mest omsette norske barnebøkene i utlandet, og trass sin unge alder har ho alt vunne fleire litterære prisar enn dei fleste andre forfattarar gjer i løpet av eit heilt liv. Historiene om Tonje, Gunnvald, Trille og Lena har rett og slett fengsla både store og små over heile verda, med varme, humor og energi.