Fart og sjølvtillit – FARGEFEST på FALTURILTU

Foto_Marianne Abunada CHRISTIEKONFERANSEN Parr, Maria 2014 (c) Andrew Amorim_4Når etiopisk skulderdans møter norsk gangar. Når klappeleikar frå heile verda går saman i eit einaste stort polyfonisk fellesskapsmantra. Når Mogadishu møter Kollywood, afghansk 7/8-delstakt vert presentert i vossabunad, og falturilturaltura møter habibi habibi, det er då det blir Fargefest!

Fargespill er ei eksplosiv og sterk førestilling presentert av barn og ungdom frå heile verda, inkludert Noreg. Dette er eit nært, musikalsk møte med unge menneske si historie om kven dei er og kvar dei kjem frå, avdekka gjennom musikk og dans frå deira respektive land. På ein imponerande måte blir desse musikalske perlene fletta saman med urban ungdomskultur, og våre eigne norske musikktradisjonar. Fargespill har eit solid rykte på seg for å framkalla både hjartevarme tårer og veldig, veldig mykje glede!

Årets festivalforfattar, Maria Parr, opnar førestillinga og festivalen som i 2015 har mottoet fart og sjølvtillit.

Kjøp billettar her!

Her er ei smaksprøve. Ei kopling mellom songen Oromiyaa, som er ei kjærleikserklæring til området Oromia i Etiopia, og den norske folkesongen Kråkevisa, som Falturiltu har henta namnet sitt frå.