Onsdag 4. november kl. 19.00 ynskjer me velkomen til konsert med Sigvart Dagsland saman med Torjus Vierli (piano/keyboards, trekkspill & song) i Stord kyrkje. Årets festivalforfattar, Maria Parr, innleier konserten.
Gjennom sitt totale nærvær og si uovertrufne stemme, tar Sigvart Dagsland menneske med seg frå det sårbare menneskelege til kraftfulle stemningar og vokale prestasjonar. Alltid med eit skrått og til tider gapskrattande blikk på livet sine mange fasettar, alltid med djup respekt for dei band som bind artist og publikum, forteljar og lyttar, saman.
Denne gongen føretek han eit djupdykk blant songane frå heile si karriere, frå 80-tallet og fram til i dag.
Kvelden er eit samarbeid mellom Falturiltu og Stord sokneråd.
Billettar kan kjøpast no på Stord kulturhus sine nettsider (www.stord.kulturhus.no) og ved inngang.