Falturiltu og Stord folkebibliotek vil i haust samarbeide om ein lesekampanje i tredjeklassane på øya. Me deler ut ein bokpakke med seksti lettlesbøker til kvar skule. Pakken vil blant anna innehalde elleve bøker frå Samlaget si nye storsatsing, Leseland. (sjå biletet) Elevane får lese og skrive bokmeldingar, og det heile vil munne ut i utstilling og forfattarbesøk.
Les meir om Leseland her!