Sande i Galleri Giga

I samarbeid med Falturiltu, viser Galleri Giga skulpturutstillinga Hjartet raknar Huset står, av Hans Sande. Opning vert måndag 2. november kl 12.00, med inviterte 5-åringar og alle andre som har lyst, og den vil stå fram til 15. november. Tysdag 3. november, kl 14.30 blir det skulpturverkstad i utstillinga, med Sande og visuellkunstgruppa i Stord kulturskule

Hans Sande går alltid nye vegar, både i bøkene sine og i bildekunsten: Du veit aldri kva du vil få sjå på utstillingane hans. I Galleri Giga har han før synt fram både Brest i bringa og ei samling merkelege reiskapar med tittelen I dag såg eg to spadar. Han leikar seg med ord, han leikar og snur opp ned på alt det velkjende. No har han festa blikket (og nevane) på noko heilt anna: Hus og menneske.

”Små hus og små menneske: Menneske som blir kasta ut av heimen sin, eller som stuper frivillig ut gjennom glaset. Menneske som stengjer seg inne. Menneske som lever inneklemde mellom fire vegger. Hus som opnar seg og set mennesket fri. Kjærlege hus som ønskjer deg velkomen heim. Og hus med vegger som fell frå kvarandre slik at alt det velkjende og trygge forduftar.

Huset raknar, men hjartet slår. Eller er det omvendt? Hjartet raknar, men huset står, gjer det ikkje?”

Hans Sande er psykiater, bildekunstnar og forfattar med over femti boktitlar bak seg. Han er busett i Kvinnherad, og årets bok er ei diktsamling med tittelen Kunsten å somle.