Magiske opplevingar i kø under Falturiltu 2015

Presentasjon av koblarseminaret, Galleri Giga (Leirvik, Stord)
Presentasjon av koblarseminaret, Galleri Giga (Leirvik, Stord)

 

Fargespill opna Falturiltuveka med fart og sjølvtillit!
Fargespill opna Falturiltuveka med fart og sjølvtillit!
Odd Nordstoga trollbandt små og store på bokbåten Epos med song og opplesing
Odd Nordstoga trollbandt små og store på bokbåten Epos med song og opplesingRundt 5700 små og store fekk med seg dei mange og varierte arrangementa i løpet av årets festivalveke, 1. – 7. november. For første gong i festivalen si historie var nesten alle opne arrangement utselde. Dette er ikkje berre ein solid publikumsrekord, det betyr også at me no det største nynorskarrangementet og den desidert største barnebokfestivalen i landet.  No ser me fram til tiårsjubileum i 2016!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det er vanskeleg å trekke fram høgdepunkt frå Falturiltu 2015, for dei magiske opplevingane har stått i kø, men opninga med Fargespill og Maria Parr må nevnast. Ungane frå heile verda legemleggjorde årets motto, fart og sjølvtillit. Sitatet er teke frå boka Tonje Glimmerdal av festivalforfattar Maria Parr, og Parr sine tekstar gjekk som ein raud tråd gjennom festivalen. Ho også var sjølv tilstades nesten heile veka. Konserten med Odd Nordstoga fekk terningkast seks i Haugesunds Avis, under overskrifta “Nordstogas sjelebalsam”. Tidlegare på dagen hadde Nordstoga også trollbunde små og store ombord på bokbåten Epos ved Leirvik kai.

Arrangementa som trekte mest folk var i år musikalen Tonje Glimmerdal, laga av studentar ved Høgskulen Stord/Haugesund,  konsertane med Fargespill, Odd Nordstoga og Sigvart Dagsland/Maria Parr.  Elles var det ei lang rekke skule- og barnehagebesøk, kino, temadagar, utstillingar og faglege seminar.

Falturiltu er også svært stolte over årets mange nyskapingar. Blant anna koblarseminaret på Galleri Giga, der forfattarane Agnes Ravatn og Eli Fossdal Vaage og  illustratørane Ingunn Dybendal og Stine Belden Røed møttest for første gong for å laga biletbøker. Seminaret var leia av redaktør Svein Størksen og forfattar Per Olav Kaldestad. Dette kjem til å bli ein tradisjon. Svært vellukka var også konseptet 3 forfattarar og 1 band, inspirert av ein opplegg på Litteraturfestivalen på Lillehammer i år,  der ungdomsbokforfattarane Tor Arve Røssland, Rune Belsvik og Bente Bratlund blei bokbada av ungdomsskuleelevane sjølve. Det var også musikalsk –litterær turne med Ingunn Røyset og Trio vest,  i dei tre kommunane Fitjar, Kvinnherad og Stord, og for første gong samarbeidde Falturiltu med Barnas Turlag, om det nydeleg arrangementet Eventyr og tur(iltu), der rundt hundre små og store gjekk rebusløype med lommelykt før Maria Parr las eventyr inne på Sunnhordland museum.

Forfattarane og illustratørane som deltok i år var: Maria Parr, Rune Belsvik, Atle Hansen, Anders Totland, Ingvild Sjo, Berit Rødstøl, Sissel Horndal , Martine Grande, Anna R. Folkestad, Roald Kaldestad, Vegard Markhus, Ragnar Hovland, Tor Arve Røssland, Bente Bratlund, Agnes Ravatn, Eli Fossdal Vaage, Stine Belden Røed, Ingunn Dybendal, Ingunn Røyset, Synnøve Macody Lund, Hans Sande og Odd Nordstoga.